nyhende

«Eg bur i Sveio» seier denne karen i reklamefilmen. Skodespelaren Arvid Munthe Johannessen bur ikkje i Sveio, men vaks opp i nærleiken.FOTO: FINN.NO/MORGENSTERN AS
«Eg bur i Sveio» seier denne karen i reklamefilmen. Skodespelaren Arvid Munthe Johannessen bur ikkje i Sveio, men vaks opp i nærleiken.

Nei, han bur ikkje i Sveio

Sveio er plutseleg blitt «allemannseige» for norske tv-sjåarar. Det har ein ny reklamefilm, og ein 73 år gamal utflytta haugesundar skuld i.

Publisert Sist oppdatert

Hugsar du Lotto-reklamen som sette Verdal på kartet ein gong for alle på 90-talet?

No kan det fort vere Sveio sin tur.

Det kan ein takka ein ny reklamefilm som måndag vart lansert på alle dei største norske kommersielle tv-kanalane, i tillegg til digital plattformar som YouTube og Facebook for.

«Retro-shades, 1200 kroner. Må hentes på Løkka», seier ein karikert beste-vestkant-ungdom i den første scena i filmen. Så skifter bilete brått over til eit lite skogholt med tre skitne karar som skrur på gamle motordeler, og ein kar har fått fyr på ein gamal rusten grill.

«Eg bur i Sveio!» svarar han som står nærmast kamera.

Filmen handlar om korleis samtalar på den største norske digitale marknad for kjøp og sal av alt frå bilar til binders kan gå føre seg. Til dømes når seljar av eit par solbriller er ein hipp tenåring på Grünerløkka, og kjøpar er ein «hillbilly» frå Sveio.

Kunne blitt Karmøy

At det vart nettopp Sveio som skulle få slik massiv verbal profilering er nokså tilfeldig, ifølgje kreativ leiar Anders Muurman Holm i reklamebyrået Morgenstern AS.

— Det var skodespelaren sin idé. Han snakka om Karmøy først. Men så nemnde han Sveio, og det syntest me høyrdest mykje gøyare ut, fortel han.

Skodespelaren heiter Arvid Munthe Johannesen, og ein er utflytta Haugesundar.

—Eg spelar i grunnen berre meg sjølv, seier han på telefon til Vestavind og humrar.

For 73-åringen trivs best i skinnvest og på sin 1800-kubikk store og raude Indian motorsykkel. Den tatoverte slangen han har på høgre arm får han også vist fram i filmen.

— Eg kallar meg berre for «Snakeman», fortel Johannessen som også er ein ivrig bluesmusikar i sitt eiget «Raw and older band».

Han kan takke sitt medlemsskap i MC-klubben «Norsk Indian Klubb» for at han no blir tv-kjendis. For i den motorsykkelklubben er også TV-profilen Petter Schjerven medlem. Og det var etter at Schjerven tok Johannessen og to andre frå MC-klubben med i underhaldningsprogrammet «Lystløgnar» på TV2, at tilbodet om ymse statist-rollar byrja å kome.

Det var etter deltaking i TV2-programmet «Lystløgnar» at casting-agentar la merke til haugesundaren, her til høgre.

Han har mellom anna vore med i humorserien «Førstegangstjenesten» på NRK. Der spelar han bartender på eit gammalt motell. Han har også medverka i TV Norge-såpa «Siste sommer».

Og i vår ringte altså reklamefilm-produsentane i Morgenstern.

— Men kvifor vart det Sveio?

— Jau, på settet sa eg til crewet at eg måtte få snakka mi eiga dialekt. Og det fekk eg lov til. Men eg kunne jo ikkje stå der, på ein slik lokasjon midt i skogen, og seie at eg var frå Haugesund. Det er jo ein by. Så då måtte det bli noko i nær periferi. Med mi dialekt sto det mellom Karmøy, Ølen, Etne eller Sveio. Og regissøren tente på Sveio, fortel han.

Her er Arvid Munthe Johannesen bartender i ein episode av «Førstegangstjenesten». Hovudrolleinnehavar Herman Flesvig til venstre.

Geografi-bommert

Lokalkjende reklamefilm-sjåarar har påpeika ein geografisk glipp i reklamefilmen, kor det i dialogen går fram at Finse er midt mellom Sveio og Oslo.

— Me innser at det er litt av ein omveg å reise via Finse, og me har rekna med å få reaksjonar på det. Men me oppdaga det etter at me hadde gjort opptaka, så måtte det berre bli slik, seier filmskaparen Anders Muurman Holm om den kunstnariske friheita dei har tatt seg.

— Du har ikkje vore i Sveio sjølv, med andre ord?

— Nei, eg har nok ikkje det, ler han.

«Sveio»-scenene er spelt inn i eit skogholt mellom Oslo og Bærum.

Ordføraren: — Ein sveibu som står på sitt

Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) flirar godt når Vestavind spør ho om ho har sett reklamefilmen som no sett kommunen på kartet.

— Jau, den har eg sett. Den er berre morosam, seier ho.

Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio.ARKIVFOTO

Ho seier at ho i utgangspunktet ikkje vil betrakte rollefiguren som ein typisk sveibu.

— Men, og med positivt forteikn, så er han jo sveibu som er god til å stå på sitt, legg ho til.

Ho synes uansett det berre er positivt at Sveio blir sett på kartet i ein reklamefilm som truleg vil nå sjåartal på over millionen.

— Sveio er ein liten kommune, så at namnet blir brukt i ulike samanhengar er berre positivt, seier ho.

Sjå «Sveio-filmen» her:

Powered by Labrador CMS