nyhende

I dag kan oppvaskmaskina brukast heile dagen utan at det kostar noko.
I dag kan oppvaskmaskina brukast heile dagen utan at det kostar noko.

Negative straumprisar over heile Norden

Ekstremvêret Hans påverkar også straumprisane i Norden. Noreg og nabolanda får negative straumprisar så å seie heile tysdag.

Publisert Sist oppdatert

I heile Norden er det negative straumprisar kvar einaste time, skriv Energi Watch.

Det einaste unntaket er det norske prisområdet N02, som mellom anna omfattar Stavanger og Kristiansand. Der må kundane betale for straumen frå klokka 07.00 til 08.00.

Gjennomsnittleg døgnpris er negativ i kvart einaste av dei fem norske prisområda. På sitt aller lågaste er straumprisen nede i -6,39 euro/MWh, rundt 72 norske kroner.

Powered by Labrador CMS