nyhende
Departementet droppar vidare behandling av KVU for kryssing av Bømlafjorden:
– Nedprioritering av Vestlandet
Samferdselsdepartementet har bestemt at konsekvensutgreiing (KVU) for E39 kryssing av Bømlafjorden ikkje skal handsamast vidare i denne omgangen.
Vedtaket er ein konsekvens av at Hordfast ikkje er prioritert i Nasjonal Transportplan 2025-2036, som Stortinget vedtok i fjor.
– Nedprioritering
– Igjen ser me konsekvensen av regjeringa og fleirtalet på Stortinget si nedprioritering av Vestlandet. Det er ille når me ser kor ofte Bømlafjordtunnelen er stengt. Endå verre er det at me ikkje får konkrete planar om utbetring, seier ordførar André Mundal Haukås (H) i ei pressemelding.
Han legg til at nedprioriteringa av Hordfast og at kryssinga av Bømlafjorden no blir sett på vent, betyr nedlisjering av behovet for stabil og trygg transportløysing for ein heil landsdel. Dette får konsekvensar for både tilflytting, pendling, verdiskaping og beredskap, meiner sveioordføraren.
Same dag som ordføraren sende ut pressemeldinga si, blei Bømlafjorden igjen stengt på grunn av eit køyretøyhavari. Naudetatane rykte ut etter melding om røykutvikling i ein buss. Det viste seg etter kort tid å vera lekkasje av kjølevæske.
Praktiske utfordringar
– Hyppige stengingar av tunnelen skaper store praktiske og økonomiske utfordringar for både pendlarar og næringsaktørar, seier Haukås.
KVU E39 kryssing av Bømlafjorden blei bestilt av Samferdselsdepartementet 5. juli 2021. Statens vegvesen sende over den ferdige rapporten til departementet 11. mars 2024. Her går vegvesenet inn for det som er kalla konsept K3, Det inneber forslag om etappevis bygging av ein ny tunnel parallelt med dagens Bømlafordtunnel. Under ein høyringsrunde i fjor vår støtta dei fleste av høyringsinstansane denne tilrådinga, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Haukås meiner også at konsept K3 ville auka tryggleiken og gitt betre kapasitet på strekninga. Det er venta stor trafikkauke på E39 frå Bokn og nordover mot Stord og Bergen når Rogfast opnar.