nyhende

Det er størst behov for personar med fagbrev innan mekaniske fag og maskinfag, som industrimekanikarar, anleggsmaskinførarar og sveisarar. Foto: Jan Haas / NTB / NPK
Det er størst behov for personar med fagbrev innan mekaniske fag og maskinfag, som industrimekanikarar, anleggsmaskinførarar og sveisarar.

NAV-undersøking: Størst mangel på folk med fagbrev

Navs bedriftsundersøking viser at det manglar nesten 39.000 personar i dei kartlagde verksemdene. Størst er mangelen på personar med fagbrev.

Publisert Sist oppdatert

Bedriftsundersøkinga frå Nav kartlegg etterspurnaden etter arbeidskraft hos 11.311 norske verksemder.

Undersøkinga vart gjennomført frå februar til midten av mars i år. For første gong er bedriftene spurde om kva typar utdanning dei manglar folk innan, i tillegg til kva yrkesbakgrunnar dei manglar.

Resultata viser det er størst mangel på personar med utdanning på vidaregåande nivå. Til saman manglar 16.850 fagarbeidarar, som er 43 prosent av alle tilsette bedriftene manglar.

Auka oljeverksemd skaper behov

Det er størst behov for personar med fagbrev innan mekaniske fag og maskinfag, som industrimekanikarar, anleggsmaskinførarar og sveiserar.

– Høge investeringar i oljerelatert verksemd dei siste åra har gitt høg aktivitet i denne næringa, og bidreg til mangel på fagutdanna. Trass i ein vanskeleg periode innan bygg og anlegg ser vi også framleis mangel på personar med fagbrev i denne retninga. I tillegg ser vi også tydeleg mangelen på helsepersonell i svara om utdanningsbakgrunn, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding frå Nav.

Høg mangel innan helse

Nest størst er behovet for personar med utdanning på universitets- og høgskulenivå på lågare nivå (bachelorgrad eller tilsvarande), med 10.050. Klart størst i denne gruppa er pleie- og omsorgsfag, med ein estimert mangel på 4450 personar.

Generelt har det lenge vore innan næringa helse- og sosialtenester at mangelen på arbeidskraft er størst. Slik er det enno, sjølv om det er ein liten nedgang i mangelen sidan i fjor.

På tredjeplass over utdanningsbakgrunnar det er mangel på, er arbeidskraft med universitets- og høgskuleutdanning på høgare nivå (masterutdanning eller tilsvarande). Registrert mangel er 5200 personar, som inkluderer ein mangel på 2000 personar med medisinutdanning på dette nivået.

Generelt har det dei siste åra vore lågare etterspurnad etter arbeidskraft og ei svakt aukande arbeidsløyse.

– Bedriftene rapporterer om eit lågare behov no enn det vi såg rett etter pandemien. Mangelen på arbeidskraft er meir lik det vi såg i perioden før 2022, seier Holte.

(©NPK)

Det er klart størst mangel på personar innan helsenæringa, med høgt behov for personar med utdanning på både lågare og høgare universitets- og høgskulenivå.
Powered by Labrador CMS