nyhende

Nynorsk bedriftsforum:

Faksimile av nettsida til arbeidsplassen.no.
Faksimile av nettsida til arbeidsplassen.no.

– Nav bryt språklova

Nynorsk bedriftsforum kritiserer Nav for at dei på den opne digitale møteplassen arbeidsplassen.no bryt med reglane i språklova. Nav forstår kritikken som har kome.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje berre har arbeidsplassen.no 100 prosent av innhaldet sitt på bokmål. Den digitale sjølvbeteningsløysinga, der arbeidsgivarar skal kunne leggje ut ledige stillingar gratis, manglar også ein nynorskversjon. Ifølgje Nynorsk bedriftsforum opererer den tekniske løysinga med svært få unntak med faste, systemstyrte overskrifter. Og det er ikkje høve til å tilpasse eller skrive eigne titlar.

– Det er altså ikkje mogleg for bedrifter som ynskjer det, å publisere stillingsutlysingar på nynorsk, heiter det i ei pressemelding frå Nynorsk bedriftsforum.

Dei fortel at ei av medlemsbedriftene deira valde å ikkje publisere stillingsutlysinga si på arbeidsplassen.no. Dette var eit direkte resultat av manglande språkval i systemet. Bedrifta gjorde det klart at ei utlysing på bokmål ville ha svekt det språklege truverdet til verksemda.

Faksimile av nettsida til arbeidsplassen.no.

Nynorsk bedriftsforum minner om at språklova om parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan er heilt tydeleg.

«Statsorgan skal gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig.»

Nynorsk bedriftsforum krev derfor at Nav endrar systemet sitt.

– Vi forstår kritikken, løysinga er ikkje bra nok slik ho er i dag. Vi jobbar med å få innhald på nynorsk, og stillingstitlar på nynorsk. Stillingsannonsar blir presenterte på nynorsk og jobbsøkjarar som bruker nynorsk i søk, får treff på relevante stillingar sjølv om titlane er på bokmål, seier Trond Wetlesen, avdelingsdirektør i Nav, i ein kommentar.

Powered by Labrador CMS