nyhende
Nav ber verksemder som planlegg permitteringar ta kontakt
Nav Sunnhordland oppmodar verksemder som ser dei må permittere om ta kontakt, for å få rettleiing og informasjon så tidleg som mogeleg.
— Dei nye smittetiltaka til regjeringa kan potensielt råke fleire næringar, også i Sunnhordland. Nav er førebudd på ein auke i tal på personar som registrerer seg dei komande vekene, seier Håvard Lægreid som er leiar i Nav region Sunnhordland.
Vil gi rettleiing
I ei melding til pressa tysdag opplyser han at ein arbeidsgjevar som skal permittere ti eller fleire tilsette skal gi melding til Nav om dette så tidleg som mogeleg. Dette er for å sikre at Nav kan rettleie verksemda og dei råka tilsette.
— Me oppmodar i dag alle som skal permittere, også dei som permitterer færre enn ti, om å ta kontakt, seier han.
Han legg til at Nav ber om dette for å få ei rask avklaring av situasjonen og sørge for at verksemdene får naudsynt informasjon.
Klare til å svare
I 2020 måtte mange verksemder nytte permitteringsordninga, noko som medførte ei stor auke i arbeidsmengda til Nav, både i form av dialog med verksemdene, og grunna talet på enkeltpersonar som registrerte seg.
— Me kjenner oss klare til å svare på spørsmål om tenester eller ordningar som Nav forvaltar. Gjennom fjoråret vart med godt trena på å rettleie i situasjonar som endra seg frå dag til dag. Me voner verksemdene som no tek til, eller tenker å permittere, vil ta kontakt med oss, seier han.
Alle Nav-kontora i regionen held framleis ope.
— Den som har behov for informasjon som gjeld søknad om dagpengar, vil vere godt tent med det som ligg på nettsida nav.no. Andre som ønskjer ontakt med Nav, vert oppmoda til å starte dialogen digitalt, seier han.