NPK: Planlagde motorvegar til 285 milliardar kroner bør vurderast på nytt, mellom anna fleire strekningar på E39 kyststamvegen, meiner Naturvernforbundet. Målet er å hindre øydelegging av naturen og spare pengar.
Forbundet har analysert 23 planlagde prosjekt i ein ny rapport, mellom anna Møreaksen, Lyngdal vest – Ålgård og Ådland-Svegatjørn (Hordfast) på E39. Dei vil ha slutt på bygginga av firefelts motorveg med fartsgrense 110 km/t, og meiner det er samfunnsøkonomisk ulønnsamt.
– Mange stader er det tilsvarande naturverdiar. Det er ikkje mogleg å bygge firefelts motorveg med 110-fartsgrense i Noreg utan å øydeleggje store matjord- og naturverdiar, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet til NRK.
Rapporten viser at ein kan spare inntil 25.000 dekar ved å justere ned motorvegane. I staden vil Gulowsen oppgradere vegane som finst i dag, og rassikre farlege strekningar.
Han får støtte frå Lars Haltbrekken i SV, medan Bård Hoksrud i Frp meiner milliardprosjekta bør gjennomførast som planlagt.
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen i Vestfold og Telemark håpar Senterpartiet torer å ta opp temaet i forhandlingane om det reviderte statsbudsjettet.
– Eg synest dei skal tore å ta diskusjonen. Vi ser i fylket vårt at vi ikkje har pengar nok til å vedlikehalde dei vegane vi har, seier han til NRK.