nyhende
Har besøkt alle TellTur-måla til Friluftsrådet Vest kvart år sidan starten:
– Naturlopplevingane det viktigaste
Dei 153 TellTur-måla innanfor Friluftsrådet Vest sine 13 medlemskommunar blei i 2024 besøkt av 3.105 turgåarar. Ein av desse var sveibuen Roald Johannessen (60).
– Sidan Friluftsrådet Vest kom i gang med TellTur for 12-13 år sidan har eg besøkt alle turmåla kvart år. Første året var eit prøveprosjekt med fem turmål. Året etter var det 44, og seinare har talet auka år for år, fortel den turglade sveibuen.
Gir rom for eigne mål
TellTur er kalla friluftsråda sin elektroniske postkassetrim. Opplegget går ut på å oppsøkja turmåla og registrera resultata sine. Johannessen er begreistra for opplegget fordi han meiner registreringa og utsiktene til premiering verkar motiverande for mange. Han likar også TellTur fordi opplegget gir sjanse til å setja seg eigne mål og konkurrera med seg sjølv.
– Ikkje alle er i like god form og har like god tid som eg. For nokon kan 10 eller 20 turar vera ein større prestasjon enn mine besøk på alle dei 153 turmåla i Friluftsrådet Vest sitt område, seier han.
58.000 høgdemeter
Johannessen nøyer seg forresten ikkje berre med TellTur. Gjennom jobben i Equinor på Kårstø er han med i eit opplegg kalla Trimpoeng. Her er turområdet større, frå Besseggen i nord til Kjeragbolten i sør. Innanfor dette området besøkte han 267 postar i 2024. Av dei rundt 100 aktive i turgruppa på Kårstø toppa han dermed lista med god margin.
Johannessen har elles funne ut at han mellom januar og juni gjekk i gjennomsnitt ti kilometer kvar dag. I løpet av året tilsvarar turane hans 58.000 høgdemeter.
Kona hans er ofte med, og saman driv dei også med turorientering både i Sveio og andre stader. Dei siste åra har ein tur til Sørlandet i romjula for å delta i eit turorienteringsløp vore fast prosedyre. 2024 var ikkje noko unntak.
– Magiske naturopplevingar
Unike naturopplevingar er det beste med å gå tur, seier Johannessen. Helsegevinsten får han på kjøpet.
– Å oppleva solnedgangen frå toppen av Trodlavassnipen er reint magisk. Det same er utsikten frå Hodnafjellet ein tidleg morgon medan det enno er mørkt, seier han.
Som det utprega A-mennesket han er, har det hendt at Johannesen har tatt turen opp til Hodnafjellet på veg til jobb om morgonen. Tidleg start på dagen har også gitt plass til ein tur etter arbeidstid. For eksempel til Rosendal og toppen av Melderskin. Der har han vore 14 gonger.
Johannessen har aldri opplevd alvorlege uhell på turane sine for sin eigen del. Men dramatiske situasjonar har han kome borti likevel. På veg opp til Ulvanosa i Rosendal møtte han ein gong to karar i alvorleg trøbbel. Dei eine hadde falle og låg medvitlaus. Den andre hadde ikkje dekning på telefonen og kunne difor ikkje tilkalla hjelp.
– Ta fjellet på alvor
– Dei hadde nok tatt seg litt vatn over hovudet. Først hadde dei vore på Melderskin, så på Malmangernuten. No var dei ute på den tredje turen denne dagen, til Ulvanosa. Dei hadde fått i seg både mat og drikke, men ikkje nok salt, forklarar han.
Han fekk lagt beina til den skadde høgt, og etter kvart kvikna han såpass til at Johannessen kunne følgja dei nedover eit godt stykke til dei klarte seg på eiga hand. Å læra fjellet å kjenna er viktig når ein skal på tur, seier han.
Medan Johannessen er ein trufast Telltur-deltakar år etter år, har oppslutnaden elles variert frå tid til tid. Dei 3.105 brukarane av TellTur i Friluftsrådet Vest sitt område gjennomførte 65.349 turar i alt i 2024. Det tilsvarar 21 turar per dag og er nokolunde stabilt frå året før.
Talet på brukarar gjekk derimot ned med 12 prosent frå året før. Toppåret var 2021 då det blei registrert 5.529 aktive brukarar. Det høge talet blir sett i samanheng med covid 19-pandemien og restriksjonane denne medførte på andre aktivitetsområde. 67 av desse besøkte minst 100 ulike turmål.
1.079 til turmål i Sveio
Dei 11 turmåla i Sveio hadde besøk av 1.079 personar.Totalt er det registrert 5.593 turar til turmåla i Sveio. 174 av dei 1.079 turgåarane er busette i kommunen. 447 innanbygds og utanbygds turgåarar har vore med i Sveio kommune sin lokale konkurranse. No er premiane i denne konkurransen fordelte, fortel rådgjevar Marit Persen Liknes i Sveio kommune.
I klassen for vaksne gjekk førstepremien til Kine Flygansvær, andrepremien til Laila Skilbrei. og tredjepremien til Jarle Ellingsen. I klassen for barn blei det premiar på Leah Lillesund, Robin Østebøvik Svendsen og Ludvik Nilsen.
Elskar å gå tur
– Eg elskar å gå på tur, og alltid med hund, seier 1. premievinnaren Kine Flygansvær. I alt blei det 137 turar til TellTur-mål på henne denne sesongen.
Som mange andre valde ho Ryvarden som eitt av turmåla sine i Sveio. Det gjorde også mange andre. Med 937 innsjekkingar var Ryvarden det mest populære TellTur-målet i Sveio også i 2024. Dreng kom på andreplass med 821 innsjekkingar. Tala for Sveio i 2024 skil seg lite frå 2023, fortel Liknes.