nyhende
Nasjonal bibliotekdag: – Biblioteket er for alle
Den 1. september er det for tiande året på rad den nasjonale bibliotekdagen. Målet er å syne fram biblioteka våre som ein viktig del av demokratiet og skape større interesse for alt biblioteka har å tilby.
Det er forskjellig korleis dagen blir markert rundt om i landet, for det er dei ulike biblioteka som kjenner lokalmiljøet sitt best. Det er likevel ei moglegheit for biblioteka å skape litt ekstra merksemd og gjere noko kjekt i fellesskap, seier Helene Voldner, styreleiar i Norsk bibliotekforening til Nynorsk pressekontor.
Ifølgje Voldner er biblioteka nemleg noko som angår oss alle gjennom alle livsfasane.
– Alt frå barnehagebarn til pensjonistar nyttar seg av biblioteket. Bøkene, romma, samtalane og kunnskapen som finst i biblioteka er viktige for oss gjennom heile livet. Difor vil vi bruke 1. september til å markere biblioteka og løfte dei fram som ein stad det er mogleg å få til læring og endring, seier Voldner.
I store ord
– Biblioteket er i store ord det kulturelle og demokratiske grunnfjellet i samfunnet, seier Sigrun Aas, fagansvarleg for formidling ved Deichman Bjørvika i Oslo, til Nynorsk pressekontor.
Aas trur bibliotekdagen kan bidra til å informere og minne folk som ikkje brukar biblioteket så ofte om at dei finst og alt dei har å by på, i tillegg til å utlån av bøker.
Leseundersøkelsen 2024 viser at talet på boklesarar går nedover, sjølv om åtte av ti nordmenn seier at dei les minst éi bok i året.
Samstundes peikar Aas på at biblioteka framleis er mykje brukt. Berre i Oslo har dei både i 2023 og 2024 hatt auke i høvesvis fire og ni prosent i fysiske utlån samanlikna med året før.
Desse påstandane blir underbygde av tal frå Nasjonalbiblioteket som har bibliotekstatistikk frå heile landet. I 2024 auka talet på besøkande ved folkebiblioteka med 2,8 prosent og det var 6,7 prosent fleire utlån av fysiske bøker samanlikna med 2023.
Små lesehestar
Barnebøker står for den største delen av auken i utlån, med i gjennomsnitt 8,5 bøker per barn i året. Det svarar til ein auke på 8,9 prosent frå 2023 til 2024.
– Vi ser at mange barn er veldig ivrige lesarar fram til om lag 5. klasse, og så går det tydeleg ned, seier Aas.
– Kva trur du kan vere grunnen til det?
– Det kan jo vere at det er andre aktivitetar som tar opp meir tid, som idrett eller at ein får meir lekser. Men først og fremst så er det lett å tenkje at sosiale medium og internett tar mykje tid. Det gjer det hos oss vaksne òg diverre, seier ho.
Biblioteka spelar ei sentral rolle for å fremje dei positive sidene ved lesing av bøker, meiner Aas, som fortel at dei tidlegare har hatt kampanjar som har fokusert på å få folk på å legge bort skjermen og ta tida tilbake.
Åleine saman
– Noko av det mest grunnleggande med biblioteka er tilgjengeleggjeringa av kunnskap, poengterer Aas vidare.
Deichmanbiblioteka i Oslo har røter frå opplysningstida, ei tid då dei var opptekne av at kunnskap og opplysing var det som gjorde folk robuste og i stand til å ta eigne val. Ved å etablere bibliotek gjorde ein det slik at alle kunne få tilgang på litteratur, sjølv om dei ikkje var rike nok til å kjøpe bøker.
Det gjer biblioteka viktige, også i dag, trur Sigrun Aas. At ein kan ein gå utanfor heimen sin utan å bruke pengar og møte folk frå alle lag i befolkninga.
– Vi har ein lesesal som er mykje brukt av studentar, men vi ser likevel at områda rundt fyller seg opp raskare. Eg trur det seier noko om tida vi lever i i dag – at sjølv om ein er åleine så likar ein å omgi seg med andre. Det er ikkje noko flaut å kome aleine på biblioteket. Du kan kome åleine og så er du på ein måte saman med andre likevel, seier ho.
Sjølv om mykje har endra seg sidan 1700-talets opplysingstid, er det somme ting som held seg ved like.
– Gratisprinsippet, openheit og låg terskel for å kome inn. Absolutt alle er velkomne inn til oss, det tenker eg framleis er det viktigaste, understrekar Sigrun Aas.