nyhende
Når neppe fram med klagene
Ingen av dei som har klaga på reguleringsplanen for Fv. 541 Krossleite-Grimstveit, ser ut til å få gjennomslag for sine innvendingar.
Etter at kommunestyret i Sveio vedtok reguleringsplanen 11. desember i fjor, har det kome inn sju klager og eitt innspel. Bak fleire av klagene står det fleire personar som representerer ulike eigedommar.
Tilrår å avvisa klager
Innspelet kom frå bygdelaga i Bua og Auklandshamn, som saman uttrykte at det hastar med ny veg på grunn av den kraftige trafikkauken som er venta når fiskerihamna ved Langevåg er ferdig.
Vestland fylkeskommune, som skal byggja vegen, har vurdert alle tilbakemeldingane. Innspelet frå bygdelaga er tatt til orientering, klagene blir avviste. Rådmannen i Sveio seier seg samd med fylkeskommuen og har tilrådd at klagene ikkje blir tatt til følgje.
Vurdert som habil
Den politiske behandlinga i kommunen starta i hovudutval teknisk/næring, der rådmannen si innstilling blei støtta mot røysta til Belinda Teikari (Frp). Dette vedtaket blei gjort etter av hovudutvalet først hadde vurdert habiliteten til Mikal Møller Hovda (H). Han blei samrøystes vurdert som habil.
Formannskapet skal ta stilling til klagene måndag, før saka etter alt å døma kjem opp i kommunestyret 22. april.