nyhende
Når hagearbeid blir terapi
Hagefilosofien slow gardening femnar om det uferdige og tidkrevjande. For Karin Weslien blei dette vegen ut av ein periode med utbrentheit.
Hagen, og det kvite huset han omringar, tilhøyrer Karin Weslien. Hageinfluensaren har ein hage mange truleg ville skildra som vakker og streva etter å oppnå sjølv.
Likevel er ikkje Nya Liljedalen, som Weslien har døypt hagen sin, utarbeidd med tanke på å vere så flott som mogleg eller for å imponere besøkande. Han har blitt slik fordi ho har gjort akkurat det som gjer henne glad utan å tenkje på kva andre tykkjer er pent – og ho lèt desse prosessane ta tid.
Weslien etterlever nemleg slow gardening-filosofien. Denne hagetilnærminga har ho hatt sidan ho blei sjukmeld for sju år sidan.
Redninga
Weslien er utdanna farmasøyt og har jobba som det store delar av yrkeskarrieren. Samtidig har ho alltid hatt ein lidenskap for hage. Det takkar ho bestefaren sin for, då det er i hagen hans, den originale Liljedalen, ho har sine beste sommarminne frå.
Men det var då Weslien blei utbrend i 2017 at hagen fekk ein endå større plass i livet hennar – han blei til noko meir enn ein hobby. Noko meir enn eit resultat.
– Då eg blei sjukmeld orka eg ikkje å gjere så mykje i hagen. Eg starta ingen prosjekt, men var mykje ute. Å berre vere gjorde meg friskare.
Då ho på den tida rusla ute i hagen mens ho luka litt ein stad og planta noko ein anna stad, kjendest det som at hjernen jobba med å tilverke ting – det gjorde at ho henta seg inn igjen.
– Eg trur ikkje eg hadde kome meg attende i jobb om eg ikkje hadde hatt hagen. Det blei som terapi og ein måte og bygge meg opp igjen.
Ei hagereise
– Hagen vekte meg og gav meg ekstra meining. Og då eg begynte å google fann eg konseptet «slow gardening» som skildra måten eg hadde brukt hagen på i sjukdomsperioden.
Weslien hadde gjennom denne perioden funne ein eigen verdi i at ting fekk lov å ta tid og det å setje av tid til å berre nyte hagen. Ho hadde ikkje late seg styre av designmessige målbilde eller brukt mykje tid på hagearbeid ho ikkje likar for at det skulle bli pent når ho var ferdig.
Slik har ho halde fram med å bruke hagen – tenkt at det er sjølve reisa, kvar einaste hageøkt, som er meininga med det heile.
– Når det er snakk om slow gardening er det veldig viktig å få fram at det ikkje er reglar, fortel Weslien som no jobbar med å halde foredrag om filosofien.
Ho meiner at nøkkelen til å bli ein vellukka slow gardener er å finne ut kva som gjev deg sjølv glede og gjere nettopp det.
– Eg tykkjer det er artig å grave. Det kjem nok av at eg lurer på kva som gøymer seg under jorda. Her har det vore ein gammal gard så eg finn alt frå beinrestar etter dyr til knust porselen. Utfordringa no er at det ikkje er så mykje plen igjen å grave på.
Kvart år sidan Weslien flytta inn har ho grave opp eit nytt bed. Med ei intuitiv tilnærming til hagedesign prøver Weslien som regel å få på plass dei store tinga først og då kjem som regel ideane etter kvart som ho held på.
– La ting ta tid
Mens ein hane gjel frå Wesliens hønsegard har regndropar begynt å danne ringformasjonar i dammen under neverkiresebærtreet som står midt i hagen. Borken på treet har ein djup brun farge i det gråe vêret. Hadde det vore sol, ville den hatt eit metallisk uttrykk, fortel Weslien.
Dette treet er det første ho planta då ho og familien flytta inn på eigedommen for omtrent ti år sidan. Som med mange av dei andre elementa i hagen, har ho teke tida til hjelp for at treet skal etablere seg og vekse seg stort.
Den einaste «regelen» i slow gardening-filosofien er å ikkje forhaste noko. Utover det kan det variere veldig for den enkelte akkurat kva ein gjer i hagen. Weslien sitt prosjekt handlar om biologisk mangfald.
For henne er det å sjå alle insekta som lever i hagen, nye typar sommarfuglar som dukkar opp, froskar som plutseleg har flytta inn, spirer til hageglede.
– Her om dagen såg mannen min det vi trur er ein salamander, i dammen her. Om det stemmer, er det heilt fantastisk, fortel Karin med eit breitt smil.
Eufori
Å drive med hagearbeid etter slow gardening-filosofien er ikkje berre er fordelaktig for den mentale helsa, men også for helsa til jordkloden.
– Når tempoet går ned konsumerer ein automatisk mindre. Du kjøper ikkje like mange planter og du er ofte medviten om at dei plantene og produkta du kjøper er lokale og berekraftige.
Gjennom å etterlikne naturlege prosessar i hagen, sånn som slow gardening ofte fører til, blir det fort ei berekraftig tilnærming.
Weslien gjødslar aldri beda sine, men fokuserer på å ha levande jord ved å fôre med grasklypp og anna hageavfall. Kjøkkenhagen og det som er i drivhuset, gjødslar ho rett nok – med hønsemøkk, brenneslevatn og valurtvatn.
– Slow gardening-filosofien handlar om å kople seg på naturen – kople seg på hagen. Når ein gjer det forstår ein kor sårbar og verdifull hagen er. For min del blir det vekt eit instinkt til å beskytte og vareta plantane og dei levande vesena som bur der. Det gir ein euforisk følelse.
Skadedyr eller nyttedyr?
Ved å drive med slow gardening aksepterer ein dei naturlege prosessane i hagen – også dei som gjer hagen mindre pen. Til dømes kan tørkeperiodar vere utfordrande og bli ei kjelde til stress. Då risikerer ein at det ein har bygd opp blir øydelagt.
– Men du må berre tenkje «ok, om plenen blir brun, så går det fint, for han kjem tilbake». Og det er heilt klart nokre planter eg er meir glad i enn andre, så dei passar eg ekstra godt på.
Skadedyr har ho også eit avslappa forhold til. Weslien ville til dømes aldri funne på å sprøyte mot kålmøll. Om ho skulle overvinna dei, ville ho anten dekt til kålen eller plukka åmene manuelt – ein kamp ho vel å ikkje ha. Kjøkkenhagen hennar består derfor av grønsaker som squash og lauk, men ikkje kål.
– Kva er eit skadedyr eigentleg? Er det den som øydelegg for meg? For den som øydelegg for meg, er jo nyttig for nokon andre.
Slikt som bladlus lèt Weslien berre vere, då det er mat for fuglane. Med litt is i magen trur ho at ein til slutt får ei balanse mellom skadedyr og rovdyr i hagen.
Vinterdraumar
Trass at hagen om vinteren er naken og bortgøymd, held han fram med fullt liv i tankane til Weslien. Då er det hagedrøyminga som regjerer. Det er då planane blir pønska ut.
– Når ein driv med slow gardening, så koplar ein seg på rytmen til hagen. Ein forstår at hagen treng ei pause om vinteren, akkurat som eg treng ei pause om vinteren.
Akkurat no følest vinteren fjern. Skyene har så vidt begynt å sprekke opp og lèt ein og annan solstråle treffe vassdropane som heng som perler rundt om i Nya Liljadalen. Det susar vagt frå ei humle som flyg frå blomster til blomster på dei lilla kattemyntene for å finne nektar.
– Slow gardening handlar eigentleg om å endre måten å tenkje på – om å innsjå at du ikkje skal bli ferdig. Du må bryte med hagenorma og akseptere at hagen er foranderleg.
Og det er når du forstår dette at hagen kan bli eit frirom – ein stad der du får tid til hente deg inn igjen.
Ikkje eit nytt fenomen
Grete Patil er plantevitar. Ho har jobba mykje tverrfagleg med miljø- og helsepsykologar, og mellom anna sett på kva hageaktivitetar kan bety for den psykiske helsa vår.
Patil kan fortelje at det å bruke hagen som eit terapeutisk verktøy ikkje er eit nytt fenomen. Ved Sveriges landbruksuniversitet har dei i fleire år hatt ein rehabiliteringshage og gjennom fleire doktorgradar vist at hage kan ha ein positiv effekt på menneske med stressrelaterte og lettare psykiske plager.
– Det handlar om sanseopplevingane ein blir eksponert for i ein hage og det å gjere mentalt ikkje-krevjande oppgåver, fortel Patil.
Anna forsking underbyggjer òg at hagefolk er meir nøgde med og i større grad føler på meining og betre livskvalitet, enn andre.
Patil poengterer at natur generelt skaper eit rom for mental pause og at hagerommet spesifikt kan skape ein arena for å komme seg vekk frå dei daglege bekymringane, trass i at det er rett utanfor døra.
– Nokre menneske meiner rett nok at hagen først og fremst er eit ork og bidreg til stress, så hagen sin effekt vil variere frå person til person, seier Patil.
Men det er for dei som har ei negativ oppleving av hagen, Weslien meiner slow gardening eignar seg – at filosofien gjer at ein kan sjå hagen med alle sine ufullkommenskapar, men framleis like han.