nyhende
Når ferien går på skjener i Noreg
Det er 334 jernbanestasjonar her i landet med persontrafikk, og i tillegg nokre toglinjer med museumstog i sommarsesongen. Togferie i Noreg er noko mange nordmenn overser, men som utanlandske turistar elskar. Med litt fantasi og planlegging kan det bli minneverdige togreiser i eige heimland.
Nyttig tog-info
Ho står bak den populære togbloggen.no og er aktuell med boka «Ferie med tog – Reiseglede langs skinnene». Der kjem ho med praktiske tips og forslag til korte og lange togreiser i både Noreg, Norden og Europa. Ho fortel om nyttige nettsider og reisebyrå, ho lærer oss å finne fram på kartet sjølv, gir råd om alt frå bagasje til togbillettar og lærer oss korleis vi kan bli kjent med verktøy og tenester som kan hjelpe på reisa.
For det er lett å hamne i eit flysete når vi skal ut og reise. Men alle som har prøvd, veit at det kan vere vanskeleg å finne fram til gode reiser og billege billettar med tog. Informasjon og marknadsføring har ikkje vore overveldande, men feriereiser med tog er i ferd med å bli meir populært. Likevel er det framleis ei uprøvd ferieform for mange nordmenn – ikkje minst i eige heimland.
Lett å gløyme
– Feriereiser med tog er ikkje så tilrettelagt som andre reiser og ferieformer. Då kan det vere lett å gløyme at dei finst. Men det er mange moglegheiter dersom ein først prøver. Jernbanestasjonane ligg som perler på ei snor. Berre her i Noreg er det 334 av dei. Vi kan reise både kort og langt med tog her i landet, seier Elsrud.
– Det er kanskje vanskeleg å selje inn noregsferie no etter pandemien når mange nordmenn er utolmodige og vil ut i verda så raskt som mogleg. Men eg vil absolutt anbefale togferie og gjerne i Noreg.
Større reiseglede
For Elsrud handlar det å ta toget om reiseglede og tanke på miljøet.
– Den mest klimavenlege reisa er sjølvsagt den vi ikkje tar. Så det er ikkje med feriereisene vi skal redde kloden. Men alle veit at tog er eit meir klimavenleg alternativ enn fly. Derfor meiner eg å ta tog på ferie absolutt er eit klimavenleg grep som fleire nordmenn bør vurdere, seier Elsrud og snakkar også varmt om at tog som transportmiddel er ein del av ferieopplevinga.
– Eg har flydd mykje, men hugsar knapt ein einaste flytur. Når eg reiser med tog, ser og opplever eg så mykje langs bakken. Eg kjenner på ei heilt anna glede og ro undervegs når eg reiser på den langsame måten.
– Etter ei togreise er eg aldri likegyldig til landskapet eg har reist gjennom. Utanfor vindauget rullar det alltid ein film som lenge etterpå kan hugsast som stemningar og bilete. Undervegs følgjer eg med på kartet, og når toget stoppar på ein stasjon, kan eg gå av og velje nye opplevingar og andre tog vidare viss eg vil.
Planlegging må til
Ingen slepp derimot unna planlegging og førebuing før ein togferie.
Det er slutt på NSBs jernbanemonopol. NSB heiter ikkje NSB lenger, heller. Tre selskap køyrer no lange togruter her i landet. Servicetilbod og billettsystem er stort sett likt, men samtidig akkurat så ulikt at det er vanskeleg å få full oversikt. Den som vil prøve, må gå til nettsidene til kvart av selskapa: Vy, SJ NORD og GoAhead.
Førebels finst ikkje ein «noregsbillett for tog» eller ein interrailbillett vi kan reise med i eige land. Jernbanedirektoratet undersøkjer moglegheitene for ein nasjonal togbillett, men eit slikt produkt vil ikkje vere klart til i sommar. Togferie i Noreg må derfor takast på enkeltbillettar som vi kjøper for kvar strekning. Det kan enklast gjerast via nettsida/appen Entur. Der kan vi kjøpe alle dei lange togreisene i Noreg på ein stad, og til same pris som direkte frå kvart enkelt togselskap.
– Det kan vere overraskande billig å reise langt med tog i Noreg. Vel og merke viss du er ute i god tid og får tak i billettar i den lågaste prisklassen. På dei lange strekningane er det både dag- og nattog, du kan kjøpe mat om bord, og der er leikerom for barna på dagtid. Vil du ha med sykkel, bør du nok sjekke med kvart enkelt togselskap om dei har plass, seier Sigrid Elsrud.
Langturar og rundturar
– Kva for togtur vil du spesielt trekkje fram?
– Av dei lange merkjer Bergensbanen seg ut i verdsklasse med både vill og vakker natur. Blant dei korte vil eg anbefale både Raumabanen og Ofotbanen som spektakulære.
– Elles er ei reise rundt Noregs største innsjø Mjøsa med tog og litt buss absolutt verdt å få med seg. Turen kan fint gjerast på ein dag, eller over fleire dersom du går av undervegs for å overnatte og oppleve dei ulike mjøsbyane. Reisa kan også kombinerast med ein tur med dampbåten Skibladner i sommarsesongen, føreslår Elsrud.
Om sommaren er det også fleire gamle jernbanestrekningar som har museumstog for turistar, til dømes Krøderbanen , Gamle Vossebanen, Rjukanbanen og Urskog-Hølandsbanen.
– La ferien begynne på næraste togstasjon. Kjenn på den nye kjensla av å reise langs bakken og ikkje tenk på at det hastar med å komme fram. Finn ro om bord og la tankane flyte med det stadig endrande landskapet utanfor vindauget, oppfordrar togentusiast Sigrid Elsrud.
Veterantog-opplevingar:
Krøderbanen
Krøderbanen er ei jernbanelinje på 25,97 kilometer som går frå Vikersund på Randsfjordbanen til Krøderen i Viken. Som NSB-bane blei ho lagt ned i 1985, men er i dag museumsjernbane. Alle søndagar frå 26. juni til 28. august 2022 kan du oppleve ei avstressande togreise i tidsriktig miljø. Det er veterantog med damplokomotiv og historiske vogner som trafikkerer strekninga.
Bana feirar 150 år i år og det blir arrangert rundturar og mange temadagar gjennom sommaren. Laurdag 13. august blir det ei stor feiring av jubileet.
Museet Gamle Vossebanen er ei museumsjernbane som køyrer veterantog på ei 18 kilometer lang einspora linje mellom Garnes stasjon og Midtun på ei nedlagd strekning av jernbanelinja Vossabanen i Bergen kommune.
Veterantoget på Gamle Vossebanen nyttar damplokomotiv og gamle trevogner i teak. Toget vert køyrd kvar søndag frå 12. juni til 11. september. I år er ei restaurantvogn med i toget frå 19. juni til og med 14. august. Turen går gjennom Arnadalen til Haukeland, der terrenget skiftar karakter til typisk vestlandsnatur med tunnelar og fjellsider, og med sjøen rett nedanfor linja. Etter 18 kilometer kjem toget til Midtun, som altså er endepunktet for den gamle Vossabanen i dag.
Rjukanbanen er jernbanestrekninga mellom Mæl ved Tinnsjå og Rjukan. Den blei etablert i 1909 for transport av kunstgjødsel og råvarer for industriselskapet Hydro, og frakt av anna gods og passasjerar.
Det er i dag museumsbanetrafikk på strekninga i sommarsesongen, i år frå 21. juni til 13. august. Når du besøkjer Rjukanbanen får du høyre historia om arbeidslivet i den historiske transportåra den gong tog og ferjer frakta kunstgjødsel frå Rjukan og ut i verda.
Dette er Noregs eldste museumsjernbane og den einaste jernbanen i Noreg med tre operative damplokomotiv. Togstrekninga er på 3,6 kilometer frå Sørumsand til Fossum i Akershus. I sommar går det tog på søndagar frå 3. juli til 11. september.