nyhende
Når er påska og kvifor?
Kva tid påska fell på kan variera mykje frå år til år, men kvifor er det slik? — Reglane for påske er litt kompliserte, og i år kom den cirka midt i, seier prest Gisle Sørhus frå Sveio kyrkje.
— Det er freistande å seia at det er bingokuler med forskjellege søndagar dei plukkar opp, seier Gisle Sørhus, prest i Sveio.
Han kjem med ein spøk om kor tilfeldig kva dag som vert påskedag, for dei som ikkje veit reglane.
Påska kjem frå jødedom
Den korte versjonen, ifylgje Sørhus, er:
— Den første søndagen etter ein fullmåne, som har kome etter vårjamdøgnet, seier Sørhus.
Men då får ein berre vite når, og ikkje kvifor, noko presten gledeleg ynskjer å forklara. Det lengre svaret byrjar i ein annan religion, i ein annan verdsdel, i ei anna tid.
— Påske er opphaveleg ei jødisk feiring. Jesus døde rett før påske, og dei første hundreåra fylgde dei kristne jødane sitt tidspunkt for feiring, seier Sørhus.
Den jødiske kalenderen fylgde måna si syklus og hadde då 30 dagar kvar, fordelt på 12 månadar.
— Etter 10 år får ein då 52 dagar forskyving, seier Sørhus.
Vårjamdøgnet
Fleire ting skapa kluss i dei kristne sine auge. Forskyvinga av dagar, det faktum at fullmånen ikkje vil hamna på same dag kvart år, og så var det ein tredje ting.
— Kristne klaga på at påska kunne kome før vårjamdøgnet, og ville difor ha si eiga utrekning for når påska skulle kome, forklarar Sørhus.
Han understrekar at han ikkje er heilt sikker, men trur at vårjamdøgn var viktig fordi det frå før-kristen tid var dagen det nye året starta, i tillegg til dei religiøse grunnane.
— Då er dag og natt like lange. Det er også ni månadar før julaftan, og dagen Jesus vart unnfanga. Det er ein symbolsk dag, verda si skapelsesdag, seier Sørhus.
I Noreg fall vårjamdøgn enten 20 eller 21. mars kvart år.
Slingringsmonn
Reglane for påska vart bestemt for alle kristne i eit stort kyrkjemøte i Nikea i 325. Sidan då har det vore orden i korleis og når høgtida kjem.
Grunna dei tre krava om søndag, fullmåne og vårjamdøgn, er det difor mogeleg for påska å falla ein stad mellom dei to ytterpunkt.
Påskedagen kan tidlegast vere 22. mars og seinast 25. april.
Sånn sett er årets påske litt keisam.
— Denne påska er midt på treet, seier Sørhus.
Han tenkjer 2024 vert meir spanande.
— Neste år kjem den litt tidlegare, og då trur eg det vert tre veker mellom vinterferie og påske, seier Sørhus.
Det siste måltidet
Sjølv veit han kva han skal gjere når påska kjem, når enn det måtte vera.
Jobba og slappa av.
— Eg vaks opp på ein leirstad i fjellet ved Tynset. Eg er van med å vera på leir både for barn og vaksne. Til dømes laga me Jerusalem av snø på fotballbana og marsjerte gjennom den, seier Sørhus.
På Tynset vert det skitur og grill. I Sveio har det vore forsøk på å læra seg å surfa fortel han med latter.
Viktigast er sjølve høgtida, og som ein truande er det godt å ta del i alle dagane.
— Å reflektera over eigne feil, og at eg kan gjera ting som går utover andre. Eg synest det er fint å tenkja på det siste måltidet med alle disiplane samla. Med både Jesus og Judas som skulle forråda, og Peter som skulle fornekta, avsluttar han.