Bompengar rammar usosialt og må fasast ut, meiner NAF (FOTO: NPK
NAF vil ha slutt på bompengar
NAF krev at det blir slutt på innkrevjing av bompengar her i landet. «Dette er ein permanent ekstraskatt som rammar dei som har lite frå før mest», seier pressesjef i Noregs Automobil-Forbund, Ingunn Handagard i ei pressemelding.
NPK: I denne pressemeldinga frå NAF blir det vist til at Transportøkonomisk institutt (TØI) nyleg publiserte ein rapport over bompengane i Noreg. Denne viser at bompengekostnaden på ei vanleg jobbreise har firedobla seg frå 2005 til 2019; frå 4,40 kroner til nesten 20 kroner. Og stadig fleire betaler bompengar. Nesten halvparten av hushalda i Noreg har no minst éin som må betale bompengar viss dei skal køyre til jobb.
12 milliardar i året
NAF meiner at denne rapporten frå TØI viser tydeleg korleis bompengar kan ramme skeivt: Folk med høgare inntekter kan i mykje større grad sleppe unna bompengane, ved å skaffe seg elbil og dermed lågare bom-takst.
«Elbildelen er mykje høgare blant dei med høg inntekt, og det er desse som får kutta kostnadene sine kraftig. Men ikkje alle har denne moglegheita. Å byte til elbil er ikkje gjort utan vidare for familiar med låge inntekter», seier Handagard i pressemeldinga om kvifor ho meiner bompengane er ein skatt som treffer dei som har minst hardast.
Dei fem siste åra har bilistane betalt inn om lag 12 milliardar kroner i bompengar årleg. «Sjølv med den auka elbilandelen er bompengeinntektene til staten stabil. Det betyr at bomrekninga til bensin- og dieselbilistane har auka, sjølv om summen held seg konstant», ifølgje Handagard.
Ikkje berre byfenomen
Første september aukar takstane i bomringen rundt Oslo. Det er ein del av ei utvikling der det blir stadig dyrare å køyre i byane, men bompengar er langt frå eit byfenomen. I tillegg til bompengar i 11 byar og rundt 50 eksisterande bomstasjonar langs riks- og fylkesvegane har politikarane vedteke ei rekkje nye prosjekt som startar opp dei næraste åra.
For politikarane som no ser at folk slit med økonomien, er det å bremse bruken av bompengar som finansiering av samferdsel ein enkel måte lette det trykte på, meiner NAF, som meiner samferdsel må finansierast på same måte som andre fellesskapsgode.