nyhende

Hjortebukkar i Sveio.ARKIVFOTO: KAARE GAARDER
Hjortebukkar i Sveio.

NAF: — Pass opp for vilt i vegen

Publisert Sist oppdatert
NPK: Talet på viltpåkøyrsler har auke med nesten 10 prosent på eit år, viser tal frå SSB. På mørke haustkveldar er det stor fare for vilt i vegen, og NAF rår deg til å dempe farten og skru ned lyset på skjermen inne i bilen.

– Det er på hausten det skjer flest viltpåkøyrsler. Mørke, tåke og nedbør kan ofte gjere det ekstra vanskeleg å få auge på viltet. Difor bør du redusere farten når du passerer skilt som åtvarar mot viltfare, seier NAF-rådgivar Jan Harry Svendsen i ei pressemelding.

Han rår også til å skru ned lyset på store touch-skjermar inne i bilen, då beheld du betre nattsynet. Møter du ein annan bil, bør du ikkje sjå inn i lysa, men følgje vegen og sjå etter vilt i vegkantane.

– Dyr kjem fort og i mange tilfelle kjem dei i flokk. Spesielt gjeld det hjortevilt, men også elg kan komme i flokk over vegen, spesielt på hausten. Ser du eitt dyr, er det lurt å tenkje at det kan komme fleire, seier Svendsen.

Dersom du køyrer på eit dyr, skal du ikkje følgje etter dyret, men varsle politiet. NAF minner også om å vere varsam med kvar du stoppar etter ei påkøyrsle. Pass på at du ikkje hindrar trafikken og bruk refleksvest.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS