nyhende
«Nærskulen er viktig for mange, og noko eg meiner me bør arbeida hardt for å behalda»
Vestavind har spurt kommunestyrepolitikarane og politikarane i hovudutval oppvekst og kultur om kva dei tenkjer om rådmannen sitt framlegg til vedtak i skulestruktur-saka. Det er rundt 30 stykk, og svar kjem inn til oss litt nå og då. Saka vil bli oppdatert dagleg framover, så sant me får fleire tilbakemeldingar.
|
Asle G. Halleraker, Sveio Ap • Leiar i HOK (hovudutval for oppvekst og kultur) • Kommunestyret– Min første tanke er at rådmannen har presentert saka på ein objektiv og sakleg måte, der han freistar å sjå inn i framtida for den best moglege skulestrukturen i Sveio. Det er mange omsyn å ta, og eg merkar meg at alle høyringane er handsama på ein seriøs og skikkeleg måte.Eg ser fram til å setje meg meir grundig inn i heile sakskomplekset, og er viss på å lande eit standpunkt som er til det beste for heilskapen i skulekvardagen til elevane i Sveio. Dei er vår viktigaste og mest verdfulle ressurs, og det er vår plikt som kommunepolitikarar å syte for det beste opplæringstilbodet innanfor dei rammene me har til rådvelde. Difor er saka om skulestruktur viktig.Sjølve konklusjonen til rådmannen og forslag til vedtak vil bli handsama på eit gruppemøte i nær framtid, og då vil me ha ei god drøfting av heile saka. Det er difor noko tidleg å konkludere få timar etter at saka er presentert, spesielt for dei av oss som ikkje hadde bestemt seg før saka kom til politisk handsaming, eller av prinsipp er imot alle strukturendringar uansett elevtal og demografisk utvikling i samfunnet. |
|
|
Linn Therese Erve, Sveio Ap • Ordførar– Dette er ei stor, viktig og krevjande sak, med stort engasjement. Rådmannen har lagt fram eit grundig og godt gjennomarbeida saksframlegg og skulebruksplan. Dette gir oss folkevalde eit godt beslutningsgrunnlag når saka no skal til politisk handsaming. No må alle få sette seg godt inn i saka. Eg ønsker velkommen ein konstruktiv debatt, der alle syn på saka blir respektert. Eg er trygg på at kommunestyret kjem fram til eit vedtak som er til det beste for våre elevar og Sveio kommune. |
|
|
Håkon J. Skimmeland, Sveio Ap • Kommunestyret– Eg vil støtte meg til leiar i HOK – Asle G. Halleraker si uttale, samt Ingrid Furdal si uttale. Fokus på det faglege og sosiale innhaldet i skulen er blant det som også står mest sentralt for meg når eg skal ta mi avgjerd. Det har vore eit flott engasjement blant innbyggjarane våre under høyringsprosessen. Det er flott å registrera. Omsynet til framtidig utvikling av dei ulike bygdene i kommunen vår er høgst relevant. Når ei avgjerd om skulestruktur skal bli teken, er det likevel først og fremst omsynet til skuleborna som vil vera mest tungtvegande for meg. Eg vil også nytte høve til å uttrykke takksemd, både til administrasjonen og politikarane som har sytt for ei særs grundig handsaming av saka. Framlegget til rådmannen vil uavhengig av den enkelte politikar sitt standpunkt representera eit solid grunnlag for å ta avgjerd i saka. Eg ser fram til ein konstruktiv debatt i saka fram mot kommunestyret sitt vedtak. |
|
|
Torgeir Tveit Katla, Sveio Ap • Kommunestyret– Eg stiller meg bak Asle G. Halleraker sitt svar. |
|
|
Ole Velde, Sveio Senterparti • Kommunestyret– Tilrådinga frå rådmannen var som venta, når ein ser på den økonomiske stoda posisjonspartia har sett kommunen i.No er det viktig å sjå på realitetane, skulane er godt drivne og har godt elevtal no i dag. Det er ikkje noko i dagens situasjon som tilseier nedlegging. Auklandshamn og Valestrand bør få behalda skulane sine. Kommunen bør heller vera med å gjera bygdene meir attraktive for framtidig utbygging, slik at ein sikrar drifta av skulane for framtida. Ei nedlegging er lite framtidsretta, sterke bygder og eit sterkt sentrum er det som må til for at Sveio kommune skal kunna gå framtida trygt i møte. |
|
![]() |
Ingrid Pedersen Furdal, Sveio Ap • Medlem i HOK (hovudutval for oppvekst og kultur) • Kommunestyret– Skulestruktursaka er ei viktig og nødvendig sak med mange ulike sider. Eg ser fram til å lese saka grundig – og tenkjer på det noverande tidspunkt at elevane og det faglege innhaldet i skulen skal stå i fokus og vera retningsgjevande når eg skal ta mi endelege avgjerd. Viser elles til leiar i HOK, Asle G. Halleraker si uttale. |
|
Kristina Ballard, Sveio SV • Kommunestyret– Rådmannen sitt saksframlegg er grundig og ikkje overraskande. Han har i sak på sist kommunestyremøte meldt om innsparingane som må gjerast og at effektivisering av drift er ein del av dette. Han har også tidlegare kome med forslag til auka handlingsrom som t. d. å auka eigedomsskatten, noko som ikkje fekk fleirtal. Eg har lese alle innspel i media, og mange innlegg som ikkje tener saka, verken for dei som er for eller imot endring av skulestrukturen. Eg ser difor fram til å lese høyringsfråsegnene. Dei skal eg lese i kveld (fredag kveld, red. anm.), og drøfte med SV si gruppe som jobbar med saka. |
|
|
Leif Sverre Haga, Sveio MDG • Medlem i HOK (hovudutval for oppvekst og kultur)– Først og fremst må eg seia at dette er ei særs vanskeleg sak. Mange er bekymra for bygdene sine, men Auklandshamn og Valestrand er gode, tette og ressurssterke bygder som kjem til å overleva godt, uansett. Buabygda lev til dømes i beste velgåande, på trass av at dei ikkje har hatt skule på snart 25 år.Kva som er best for ungane er avgjerande for min ståstad. Er det best med store skular med stort miljø, eller små skular med små miljø? Her er det ikkje noko som er best for alle.På eine sida gjer eit større miljø at fleire har sjanse for å finna nokon å vera med. Det er eit viktig moment, for fell du utanføre på ein småskule, har du veldig få å spela på. Men det er jo heller ikkje tvil om at lengre reiseveg og fleire ungar per vaksen kan vera negative konsekvensar for nokon.Ungane kjem til å få det trygt og godt, uansett kva som blir utfallet av denne saka, trur eg. Det er berre gode skular i denne kommunen, det på trass av kva enkelte røyster i sosiale medier vil ha oss til å tru.Kommuneøkonomien vår har litt lite slingringsmonn om dagen, det er jo bakgrunnen for saka. Som tilsett på den største skulen i kommunen, ser eg jo at dei store skulane må drive ekstra billig for å finansiere dei små skulane som er dyrare å driva.Hadde nedleggingane det her er snakk om ført til ein omfordeling av midlane i skulesektoren, trur eg gjerne eg hadde vore for det, men slik det framstår no, er dette eit reint sparetiltak. Spare på drift av skule, mens ein framleis går framover med bygging av eit særs kostbart basseng, både i drift og investering, det kan eg ikkje gå med på.Eg må og stille spørsmål med tempoet dette skjer i, ettersom eg ikkje føler at det er godt nok redegjort for konsekvensane av nedlegging og flytting av ei stor mengd elevar.Dermed kjem eg ikkje til å gå inn for nedlegging i denne omgang, sjølv om eg, som mange med meg, gjerne skulle sett ein ende på den tilsynelatande uendelege skulestrukturdebatten i Sveio kommune. Og det skjer nok ikkje før kroken er sett på døra på den siste småskulen i Sveio, er eg redd. |
|
|
Jarle Jacobsen, Sveio KrF • Kommunestyret– Denne saka skal me drøfta politisk i gruppene, og den skal opp i HOK, formannskap og kommunestyret. Me kjem gjerne med vårt syn på saka, men her er Vestavind litt raskt ute. Før eg har lest verken innspel, innkalling eller drøfta saka med Senterpartiet, Høgre, SV og MDG har eg lite å dela enda. |
|
|
Monica V. Valen, Sveio Senterparti • Kommunestyret– Ein må sjå på kva som skal til for at folk blir buande eller flyttar til kommunen. Det er mindre attraktivt å flytte til ei bygd som ikkje har skule. Om lag 40 % av elevane ved Valestrand skule har ikkje tilknyting til bygda, dei hadde ikkje flytta til Valestrand viss det ikkje hadde vore skule. Valestrand og Auklandshamn bør få behalda skulane sine. Det er gode elevtal og fagmiljø på begge skulane. Kommunen bør heller vera med å gjera bygdene meir attraktive for framtidig utbygging, slik at ein sikrar drift av skulane for framtida. Sveio er avhengig av sterke bygder og sentrum.Eg er synest denne saka har eit høgt tempo, ettersom eg ikkje synest at saka er godt nok konsekvensutgreia. De ønskjer å flytte om lag 100 elevar utan at de ha ei oversikt på kva ombygging av Førde skule vil koste. Og i tillegg er utearealet til Førde skule for lite. Førde skule har i dag eit utandørs leikeareal på 3 500 m2. Tilrådingane frå norske styresmakter for skular over 100 elevar er eit uteareal på 10 000 m2. Altså tre gonger så stort. I Førde er det ikkje plass til eit utvida uteareal. Er dette framtidsretta? Det synes ikkje eg. Eg synest me skal behalda skulane i Valestrand og Auklandshamn. |
|
|
Ole-Ørjan Hov, Sveio MDG • Kommunestyret– MDG gjekk til val på at me ønskte å behalda skulestrukturen. Føresetnadene for dette standpunktet har ikkje endra seg. Eg er derfor usamd i konklusjonen i rådmannen, og vil jobba for framleis drift av alle dei fem barneskulane i Sveio.Eit viktig moment i grunnlaget til rådmannen for å foreslå samanslåing av skular, er demografiske endringar og framskrivinger som viser nedgang i folketalet. Eg meiner det har blitt gjort for lite for å demma opp for nedgang i folketalet i bygdene, og at fleire tiltak må vurderast før ein går til det drastiske skrittet å legga ned velfungerende skular.Eg synest òg at skulen som samfunnsfunksjon er underkommunisert og undervurdert i sakspapira. Då eg flytta til Sveio med familien min for ti år sidan, var gangavstand til skule og butikk eit av dei viktigaste kriteria. Nærskulen er viktig for mange, og noko eg meiner me bør arbeida hardt for å behalda. |
|
|
Rune Teikari, gruppeleiar Sveio FrP • Kommunestyret– Saka knytt til skulebruksplan framstår som grundig utarbeidd med klare anbefalinger, som kan vera rette for Sveio framover.Samtidig er dette ei sak som engasjerer og berører mange. Me vil bruka tida fram til kommunestyremøtet til å behandla saka i kommunestyregruppa.Uansett utfall av saka er det viktigaste for vår del at alle elevane vert ivaretekne på ein trygg og god måte uansett utfall av saka. Det er eg overtydd om at vil skje, og ikkje minst fulgt opp av oss som politikarar. |
|
|
Lars Einar Hollund, Sveio Høgre • Kommunestyret– Eg og Sveio Høgre gjekk til val i 2019 med eit klart løfte om å behalda dagens skulestruktur, dette løftet står eg ved.Alle skulane i Sveio har dyktige lærarar og flinke elevar så skulene er ikkje problemet til rådmannen, men ein nesten tom pengepung. Skal me klara å få folk til å busetja seg i bygdene må der vera ein skule. Utan skulen døyr bygda. Derfor blir forslaget frå rådmannen om å leggja ned to viktige skular heilt feil om me ønskjer å ta heile kommunen i bruk. |
|
|
John Kristian Økland, gruppeleiar Sveio Høgre – Eg står fast ved valløfta våre – Sveio Høgre skal jobba for å behalda dagens skulestruktur. Skulane presterer svært godt både på læring, sosialt og økonomi. Det er ikkje skulane som er problemet… Skulane gjer kommunen meir attraktiv for nye tilflyttarar. I tillegg er dei lokale samlingspunkt der frivillig innsats av ulikt slag skapar betydelege samfunnsverdiar som direkte eller indirekte kjem heile kommunen til gode. Å ikkje inkludera denne type effektar er ein mangel ved saka slik den no ligg føre. Sveio treng bådelevande bygder og eit attraktivt sentrum. Dette går hand i hand og gjev samhald på fleire nivå. Det er noko me vil trenga når rådmannen sitt noko dystre syn på kommuneøkonomien skal finna si løysing. |
|
|
Mikal Møller Hovda, Sveio Høgre – Me var tydelege ved valet i 2019, Sveio Høgre vil oppretthalda grendaskulane og dagens skulestruktur. Sveio er ein bu-kommune, og me bør leggja til rette for vidare utbygging av heile kommunen. Dei flotte bygdene våre med nærleik til sjø og natur er viktige livskvalitetar mange menneske søkjer etter. Derfor må spesielt bygdene Vikse, Bua, Auklandshamn, Førde og Valestrand stimulerast til auka bustadbygging. For å få dette til treng me gode tilbod, der er skule eit av dei etter mitt syn viktigaste tilboda. Eg kjem til å jobba for at Valestrand og Auklandshamn får behalda skulane sine. |
Alle i HOK og kommunestyret skal ha fått e-post frå Vestavind. Har den ikkje kome fram, og du ønskjer å bidra med dine tankar, send ein e-post til redaksjonen@vestavind-sveio.no
