nyhende

koronasenterkoronacovid-19
Naturleg nok er det mange sveibuar som skal testa seg på koronasenteret i Aksdal i dag. Testinga går føre seg i det kvite teltet, der ein køyrer inn med bilen.

Nærkontaktar er varsla – bedne om å bestilla time til testing

Publisert Sist oppdatert

Foreldre til elevar som er definerte som nærkontaktar til personen som testa positivt for covid-19, er varsla. Desse blir av kommuneoverlege Ståle Andreassen, sterkt oppmoda til å testa seg i dag.

Det blir opplyst at den tilsette ikkje har vore på skulen denne veka.

Det er noko ventetid på linjene til koronasenteret i skrivande stund. For å bestilla time på nett, må barnet vera over 12 år. For å bestilla time, ringer ein 52 75 74 00.

Det blir halde ekstra ope på testsenteret i kveld for dei som har blitt utpeikt som nærkontaktar.

Ikkje nærkontakt, men symptom?

Elevar og vaksne som ikkje er varsla, men har symptom på infeksjon i luftvegane må ta kontakt med testsenteret i Aksdal for å avtala tid for testing.

– Dei med symptom skal halda seg i karantene til dei har blitt testa og fått testresultatet.
Me minner elles om at alle må halda seg heime når dei er sjuke, halda avstand til andre og vaska hendene, skriv Andreassen i ei melding.

Powered by Labrador CMS