nyhende

Området for nye E39 gjennom Sveio. Utsnitt frå Statens vegvesen sitt kart over trasé for ny E39.
Området for nye E39 gjennom Sveio. Utsnitt frå Statens vegvesen sitt kart over trasé for ny E39.

Næringsareal langs ny E39

I arbeidet med ny kommuneplan ser formannskapet mellom anna til areala langs nye E39.

Publisert Sist oppdatert

Formannskapet i Sveio slutta seg måndag til rådmannen sitt forslag når det gjeld arealreserve og senterstruktur i kommuneplanen 2024-2036. I tillegg vedtok formannskapet nokre tilleggspunkt. Eitt av dei lyder slik:

– I det vidare arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel knytt til næring, må ny E39 bli tatt med i vurderingane.

Sidan traséen for den nye firefeltsvegen enno ikkje er fastlagt, er det heller ikkje klart kva areal som kan bli aktuelle for næringsføremål.

I eit anna tilleggspunkt heiter det at endeleg vedtak over kva eksisterande og nye område og kategoriar som blir tatt med vidare i den nye kommunenplanen, må først gjerast når det ligg føre ei komplett liste over alle nye innspel som har kome inn.

Powered by Labrador CMS