nyhende
Nærbutikken får ny eigar
Laila og Harry Lie frå Valevåg nærbutikk med gladnyhet. Dei har funne ein til å overta drifta av nærbutikken. — Det er ein lette, både for bygda og for oss, seier Laila Vikse Lie.
Onsdag morgon kom dei med glad-nyheita. Det vert butikk vidare på Valevåg og dei har funne ein til å overta. Dei har ikkje signert kontrakt ennå, men kome til ein einigheit.
Kven den nye eigaren er vert førebels ikkje offentleg, men Lie fortel at det er ein mann i frå Sunnhordaland.
— Ei stor lette
Tidlegare i november meldte Harry og Laila at nærbutikken deira sto i fare. Då hadde dei i fleire månader vore i samtaler med mogelege nye eigarar, som trakk seg i november.
— Korleis er det å selja?
— Det er ein lette, både for bygda som fortsatt får ha butikk, og for oss som har strevd og kava, seier Lie.
Dei legg ikkje skjul på at det har vore tunge tider å stå i, særleg grunna rekordhøge på rekordhøge straumrekningar, og ansvaret dei følar på for bygda.
Jamvel fortel Lie at dei har perspektiv på det heile.
— Det viktigaste for oss er at barn og barnebarn er friske, seier ho.
Nokre månader til
Sjølve prosessen med overtaking kjem til å ta ei stund. Difor kan dei ikkje med sikkerheit gje ein fast dato.
— Det veit me rett og slett ikkje. Det vert kanskje eit par månadar frå nyttår.
For eigarane, som har stått i ekstraordinære tilstandar i over eit år, vert det godt å snart kunne senke skuldrene.
— Det var ein veldig hyggeleg julegåve, så no kan me vere positive med kundane våre og seie at no er det i boks, avsluttar Lie.
OPPDATERING:
I den første utgåva av artikkelen sto det at avtalen var signert. Det er feil.
Det er kome til ein einigheit, og det står att å signera mellom partane.