nyhende
Nær halvparten av masteroppgåvene blir no skrivne på engelsk
Norske studentar skriv stadig oftare på engelsk. 44 prosent av masteroppgåvene i 2021 vart skrivne på engelsk.
NPK-NTB: Det er ein vekst frå 9 prosent av oppgåvene i 1986 og 33 prosent i 2006, melder Khrono.
På Handelshøyskolen BI er det knapt nokon som skriv på norsk, skriv utdannings- og forskingsavisa. Berre 6 av 152 masterstudentar skreiv avhandling på norsk der i fjor.
– At det er ein stadig større del engelsk i masteroppgåver er i seg sjølv ei svekking av det norske fagspråket. Det er fordi dette er ein såpass viktig sjanger for fagspråket, der studentane får brukt fagtermar og presentert kunnskap i ein lengre tekst, seier seniorrådgivar Kjetil Gundersen i Språkrådet.
Prorektor Bendik Meling Samuelsen ved BI seier at masterprogramma deira stort sett er engelskspråklege og at dei har mange internasjonale studentar. Derfor er det naturleg at masteroppgåvene blir skrivne på engelsk, seier han.
(©NPK)