nyhende
Mykje regn, flaumfare og sterke vindkast
Det er venta mykje vêr tysdag, og for Sveio er det sendt ut gult farevarsel for både regn, flaum og jord- og flaumskred.
I ettermiddag varslar torevêr at endringar er på gang. Yr.no melder at det kan koma store mengder regn i delar av Vestland og Rogaland tysdag. Enkelte stadar kan det koma mellom 60 og 100 millimeter regn frå tysdag morgon til tidleg onsdag morgon.
Det er usikkert kva område som får mest nedbør. For Sveio sin del ser i det skrivande stund ut til at det på det meste kan koma rundt 70 millimeter nedbør frå rundt klokka 07.00 tysdag morgon til midnatt onsdag.
Samstundes er det også sendt ut farevarsel for flaum og jord- og flaumskred for mellom andre Sveio, Tysvær, Haugesund, Vindafjord, Bømlo og Karmøy.
Som om ikkje det er nok med alt regnet, skal det også blåsa godt. Varselet seier kuling mesteparten av tysdagen, med kraftige vindkast opp mot liten storm frå rundt klokka 08.00 fram til midnatt.
Det ser dermed ut til at paraply er lite brukande, og regnklede og høge støvlar det beste å ta på seg når ein skal ut.