nyhende

Titteslnes

Mykje hjort fører til auka fellingsløyve

No om dagen, eller rettare sagt om kvelden og natta, blir det observert store flokkar med hjort i Valestrand, spesielt på Tittelsnes. Skogsdyra gjer innhogg i både avlingar og gjerder.

Publisert Sist oppdatert

Temaet blei tatt opp på Facebook-gruppa Tittelsnes sist veke. Fleire fortel om observasjonane sine; flokkar med 12 hjortar på Tittelsnes, og minst 15 på Vihovda. Kunne forvaltninga av vilt vore betre?

Me undersøker korleis stoda er med bonden på Tittelsnes, Arnt Haugsgjerd. Me tar ein telefon, og får stadfesta det som blir fortalt.

Opptil 25 dyr

– Det er utruleg mykje dyr her no, det har eksplodert, spesielt dei siste to åra. Eg har 70-80 mål som eg berre får éin slått på, fortel Haugsgjerd.

Arnt Haugsgjerd blei i 2018 veka heidra av Tine for å ha levert «elitemjølk» 15 år på rad.

– Mykje dyr samlar seg der maten er best, der bakkane er gjødsla og stelte. Arealet ved Bjørgavegen er eit døme, seier Haugsgjerd, som paktar areale i tillegg til eiga jord. Den lokale bonden kan melda om samlingar på inntil 25 dyr, men det er mest vanleg å sjå 18-20 i flokken.

Hærverk på gjerde

Hjorten et ikkje berre opp maten som skulle vore lagt i siloane, dei skapar også mykje ekstraarbeid og heft for den daglege drifta.
– Gjerde blir knekt ned kvar natt. Når kyrne skal ut, må eg kvar dag gå ein runde rundt gjerdet for å sjekka, seier bonden, som kan opplysa at elektriske gjerder også blir nedsprunge.

Løyvet er auka

Me henvender oss til Dagfinn F. Bjørge, viltansvarleg i Sveio kommune. Han er kjend med at hjortestamma er stor i Valestrand, truleg størst i kommunen.

– Det er løyve for 15 dyr i år, det er eitt dyr meir enn i 2019. Sist år blei det felt 10 dyr, og dei siste fem åra 52 dyr i perioden, medan tildelte dyr var 68. Det gir ein fellingsprosent på 73,9 prosent. Ein kan ikkje forventa full utteljing i henhald til løyve og felling av dyr, totalt sett er dette brukande felling, seier Bjørge.

Eitt stort vald

I følgje Bjørge er det ikkje moglegheit for å gi løyve til å ta ut fleire dyr enn det som er løyvd i år.
Konsentrasjon av dyr og eventuelle beiteskadar skal jaktrettshavar varsla kommunen om, slik at ein kan vurdera å auka uttak ved neste års tildelingar av løyve.

John Olav Lillesund har jakta hjort på Tittelsnes i 25 år, og kan også stadfesta at betanden har auka dei siste åra, men det har gått opp og ned.– Hjortebestanden var merkbart aukande mellom 2000 og 2010, omtrentleg. Det blei tildelt ekstra fellingsløyve, men etterkvart minka bestanden, og ekstra løyve blei trekt tilbake. Ein merka då at ein måtte bruka meir tid på å finna og fella hjorten. Nå har bestanden tatt seg opp igjen, seier Lillesund. – Me har fått dyr i år, og vil nok få kvota vår før jakta er slutt, seier jegaren.

Å sjå flokkar på 20-30 dyr er ikkje uvanleg.
– Det seier likevel noko om bestanden, i Sveio er det ikkje så mykje hjort at det går ut over dyrevelferda, seier Bjørge, og viser til fellingsresultatet på Tittelsnes, der ein gjentatte år ikkje har fått skote det ein kan.

– Den beste løysinga for området ville vera at valda på Tittelsnes blei slått saman. Ein kunne då felt dyra i område der dei oppheld seg. Ei slik løysing har viltforvaltninga oppmoda om, men det er grunneigarar som sit med nøkkelen, seier Bjørge.

Følgjer med

Viltforvaltninga følgjer med bestandsutviklinga, basert på vårteljingar, observasjonar, skade på landbruksareal og påkøyrslar, som også seier noko om bestandsutviklinga av storvilt i kommunen. – I tillegg er kommunen med i Det Interkommunale Hjorteviltutvalget (DIH), der ein politisk vald person representerer kommunen. Målet er å forvalta storviltet på ein bærekraftig måte, seier Bjørge.

– Dei siste to åra har ein auka tildelinga av fellingsløyve med om lag 10 prosent på grunn av oppgangen av hjortestamma. Trenden er framleis auke, slik at ein per i dag legg opp til auka løyve for 2021.

Har tatt seg opp

Bestanden har ikkje alltid vore så stor, Bjørge stadfestar Haugsgjerd-bonden sitt utsegn om at det har tatt seg opp dei siste to åra.
– Auka kom etter at hjortestamma var svak i fleire år, det førte til endra tildeling av løyve, då la ein også opp til mindre uttak av koller, forklarar Bjørge.

Hjortestamma i Sunnhordland og Nord-Rogaland er etter det ein veit frisk og i god kondisjon.

Powered by Labrador CMS