nyhende

Mykje hage på lita tomt

Dag etter dag kan familien Jordal plukka knasande grønsaker frå sin eigen vesle hage. Dyrking i pallekarmar er eit knep for å få mykje ut av lite areal.

Publisert Sist oppdatert

Familien Jordal sine beste dyrkingstips:

• Start med det enkle som ikkje krev så mykje arbeid, og som du likar å eta.

• Gå for sjukdomsresistente planter som gir god avling.

• Samplantingsregime: Gjerne lauk saman med gulrot, basilikum saman med tomat, squash saman med sukkerert, gulrot og reddik i annakvar rekke som gjer at ein kan dyrka tettare (reddikar er ferdig før gulrota treng plassen), og krydderurter litt rundt omkring.

• Invester i god jord.

• For å utnytta plassen kan du med fordel samplanta, til dømes reddik, som blir innhaustingsklare på rekordtid.

• Dyrk ikkje same plantegruppe på same stad år etter år, då det kan hopa seg opp sjukdomar og skadedyr.

• Storleiken på hagen treng ikkje bety så mykje, det er korleis ein utnyttar plassen. • Planlegg du litt, kan du ha smakfulle vekstar i hagen året rundt.

• Erstatt planter som blir hausta med nye, slik at jorda til ei kvar tid er tildekka.

• Plenklipp er ypparleg til jorddekking både for å hindra ugras og for å halda på fuktigheit.

Elisabeth og Halldor Jordal og borna deira, Dagfinn (snart seks) og Åsmund (snart fire), og Jarle (snart 11 mndr.), har skapt sin eigen oase. Blomster og mat blir dyrka på nær sagt heile tomta, og familien på fem er stort sett sjølvforsynt med alle grønsakene dei har behov for.

Hageentusiastane som bur i Gjermundshaugen ved Sveio sentrum, tek oss med på ein rundtur i hagen medan dei begge har mykje å fortelja. Gode dufter stig opp frå plantekassane, her er mykje å sjå, mykje å ta inn. Denne hagen er full av etande godsaker.

Kjøkkenhage

Kjøkkenhagen er eitt av dei siste uteområda som er opparbeida. Her har det blitt ein jungel på kort tid, og som har gitt stor avling, blir me fortalt.

– Sidan me har lite areal blei me tvinga til å tenkja kreativt, difor satsa med på dyrking i pallekarmar, fortel Halldor. Han bøyer seg ned, tek opp ein god neve og viser nøgd fram eigenproduserte gulrøter.

Prinsippet er samplanting, tett i tett, av forskjellige slag. Gulrot, poteter, squash og bondebønner, litt ringblomster og solsikker innimellom, brekkbønner og raudbetar. I ei blikktønne veks bjørnebær og rukkola. Agurkurt blir dyrka for sin gode smak, fine utsjåande og for at den tiltrekkjer seg humler og andre insekt. Jordskokk er det også blitt plass til, og rabarbra, begge breier seg godt ut i plantekara.

– Me likar å prøva noko nytt kvart år. Mest populært har vore sukkererter, borna tykkjer det er kjempestas, fortel Elisabeth.

– Sukkererter har dessutan den eigenskapen at dei tilset nitrogen til jorda. Rikeleg hønsegjødsel og litt kalksalpeter er elles eit knep for å få fart på veksten, tipsar Halldor.

Artisjokk står for det litt meir eksotiske blant alt som veks i pallekarmane. Artisjokk har ein særeigen, mild og nøtteaktig smak, og skal kokast før servering.

Slovakia

Elisabeth (f. Skatvedt) vaks opp på Bryne i Time kommune. I barne- og ungdomsåra tilbrakte ho mang ein sommar på familien sin datsja i Ukraina. Koplinga til Ukraina kjem av kulturutvekslingsarbeidet til far hennar. Halldor hadde sine første barneår i Førde, men flytta til Haugesund, deretter til Hommersåk i Sandnes kommune. Dei trefte kvarandre då begge studerte i Slovakia, han medisin, ho veterinærstudiar.

– I Slovakia hadde me vår eigen kjøkkenhage, der var både jordsmonn og klima eit heilt anna enn her, alt vaks svært fort, fortel ekteparet.

Drivhus

I drivhuset og i hagen elles veks ein miks av blomster og grønsaker side om side, – det kjem tydeleg fram at hageeigarane har leika seg med ulike komposisjonar, både farge og form.

Morell-flause

Mange av vekstane i hagen er dyrka frå frø eller knollar, eller ved staudedeling gitt av slekt og vener. I år bar morelltreet rikeleg med frukt, men akk, i løpet av ei veke då hageeigarene var på ferie, stakk fuglane av med alt saman.

– Me gledde oss til å koma heim og eta morellar, men fuglane kom før oss. Me burde nok ha lagt ei bærnot over før me reiste, seier Elisabeth. No set familien sin lit til at eplehausten skal blir bra.

– Har du ein liten hage som vår, er pallekarmar absolutt det beste, det gir store moglegheiter, seier Halldor Jordal. Her med kona Elisabeth og minsteguten Jarle.

Drivhusgleder

Dei to eldste gutane, Dagfinn og Åsmund, er ivrige etter å visa oss kva drivhuset har å by på, og dei spring i førevegen.

– Sjå! Me har både tomat- og agurkplanter, forklarar Åsmund og peikar. Dei beste solmodne tomatane sit akkurat i rett høgde til at gutane kan plukka utan å måtta strekkja seg. Her er tre forskjellige sortar; cherry, plomme og vanleg standard.

I drivhuset veks også fiken- og ferskentre, og den eksotiske kjærleiksfrukt-busken, på latin kalla physalis. Vassmelon, som er kjent for å vera ei svært varmekjær plante, er Elisabeth sitt prøveprosjekt. Diverre har sommarvêret så langt i år ikkje heilt spelt på lag med hagedyrkaren, som likevel ikkje har mista håpet om å hausta vassmelon i eigen hage.

Rikeleg av alt

Åsmund har bestemt seg for å henta ei heil korg full av ulike urter, grønsaker og bær. Han spring ivrig mellom pallekarmar og drivhus, og no er korga snart full. Han får hjelp av storebroren som til slutt toppar «fruktfatet» med slangeagurk og tomat.

– Er det ikkje snart på tide at me tar ein liten pause og spiser nå? spør gutane. Korga er full, og det gjeld å smaka på alt. Så godt! Og så sunt.

Eplehausten lovar bra.
Fiken (Brown turkey) er på full fart opp i drivhustaket, og små frukter har byrja å visa seg på stengelen. For å gje frukt må planta ha ein periode med frost først.

Drøymer om større hus og hage

Våren 2016 melde Elisabeth S. Jordal og Halldor Simonsen Jordal overflytting frå Stord til Sveio, nærmare bestemt Gjermundshaugen nær Sveio sentrum.

– Kort veg til barnehage og skule, ein kommune midt i leio, og moglegheiter for jobb i relativt kort avstand frå heimen, var ting som trekte oss sørover.

I dag, etter at familien har vakse til fem, pluss hund, byrjar huset å bli litt for lite. Større hage står også på ønskjelista. Dei har difor byrja å sjå seg om etter større bustad. Kor det blir veit dei ikkje ennå, men flytting ligg i lufta og difor har dei mange av favorittplantane sine i krukker og kar slik at dei lettare kan bli med på flyttelasset når den tida kjem.

Powered by Labrador CMS