nyhende
Multitaska seg til stor bot
Måndag føremiddag fekk politiet melding om ein vinglande bil.
Rett før klokka 12 på måndag fekk politiet ei melding om ein bil som vingla i køyrefeltet.
– Ein patrulje låg bak bilen og fekk stoppa den, seier vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon.
Årsaka til vinglinga var høgst moderne.
– Førar forklara at vedkomande hadde sett på ein video på mobilen medan føraren køyrde, seier Fagerland.
Annonse
– Kva slags video?
– Det veit me ikkje, svarar vaktsjefen.
Sjåføren fekk eit førelegg for bruk av mobil, som vert ein bot på 9700 kroner. Hendinga fann stad på E39.