nyhende

Fleire ordførarar og varaordførarar frå kommunar langs E134 vart samla på Stortinget på tysdag. I midten står Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) frå Sveio.FOTO: PRIVAT
Fleire ordførarar og varaordførarar frå kommunar langs E134 vart samla på Stortinget på tysdag. I midten står Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) frå Sveio.

Møtte stortingsrepresentantar om E134

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) møtte med andre ordførarar på Stortinget tysdag. Temaet var E134 og viktigheita av den. — Me må halda trykket oppe så dei ikkje gløymer oss, seier Eriksen.

Publisert Sist oppdatert

— Eg er i Oslo i dag også, seier Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP), varaordførar i Sveio.

Tysdag var ho på eit møte i Stortinget saman med mange lokalpolitikarar. Til felles har dei i hovudsak to ting: dei kjem frå kommunar langs same veg, og vil utbetra den.

Samfunnlønsamt

— Me prøvde å samla så mange ordførarar og varaordførar som mogeleg for å snakka med stortingsrepresentantar om E134, seier Eriksen.

På Stortinget møtte dei mellom andre fungerande leiar i Finanskomiteen Benjamin Jakobsen (Ap) og leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen Erling Sande (Sp).

— Du representerte Sveio på møtet?

— Ja, og så sit eg i styret i Haukelivegen AS, svarar Eriksen.

— Kvifor meiner dykk at E134 er så viktig?

— Det er det mest samfunnslønsame prosjektet Noreg har akkurat no. Til dømes kan prosjektet Seljestadtunnelen nesten kallast ein miljøtunnel. Ein slepp å køyra langt opp og ned frå Haukeli, noko som vil spara mykje drivstoff og CO2-utslepp, seier Eriksen.

Klar forventning

På møtet vart det påpeika av Roald Aga Haug, ordføraren frå Ullensvang kommune, at Statens vegvesen meiner E134 er føretrekt veg mellom vest og aust. E134 har ein høg andel tungtrafikk og er ein sentral næringsveg mellom fleire landsdelar.

— Næringa sjølv er heilt oppgitt over kor mykje slitasje det vert på bilane deira, og sjåførane fryktar å skli sidelengs i alle svingane, seier Eriksen.

Ho legg til at planane for Seljestadtunnelen og Oslofjordtunnelen er nesten klare. Det som manglar er litt førebuingsarbeid, og pengar.

— Difor er det kjempeviktig å halda trykket oppe. Me håpar me skal få pengar inn i revidert statsbudsjett.

Ordførarane og varaordførarane har samla forventing til revidert statsbudsjett frå regjeringa. Når budsjettet kjem til våren må oppstart av prosjekta på E134 vera inkludert.

Ingen lovnadar

Men, det vart understreka på møtet at ingen lovnader vart gjevne.

— Me får ikkje vita noko før budsjettet kjem, så me kan ikkje gjera noko anna enn å masa, humrar Eriksen.

— Vart dykk høyrt?

— Eg følte me vart høyrt, men det er langt frå å føla noko til at ein får gjennomslag, seier ho.

Eriksen er eigentleg i Oslo grunna møte i KS (kommunesektorens organisasjon) i dag. Ho er nøgd dei fekk til eit møte om E134 tysdag.

— Eg kjem tilbake til Sveio i kveld, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS