nyhende

Politi
Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen.

Motorsyklist enda i grøfta

Ein motorsyklist enda i grøfta langs Ålfjordvegen torsdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

– Førar vart lettare skada, seier vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.

Torsdag ettermiddag rett før klokka 18 vart politi og nødetatar varsla om at ein motorsykkel hadde køyrd i grøfta.

– Det var ingen andre køyretøy involvert, og førar hadde ikkje promille, seier Tornes.

Hendinga fann stad på Fjon. Sjølv om føraren ikkje verkar å ha vorte alvorleg skada, så fekk utforkøyringa likevel konsekvensar.

– Det er ting som tydar på at det har vore litt mangel på merksemd, og at det er difor førar ikkje klarte å halda svingen og enda i grøfta, seier Tornes.

Difor vart førarkortet teken i beslag og ei sak oppretta.

Ifølgje Twitter-kontoen til politidistriktet vart motorsyklisten køyrt til legevakta for sjekk etter ulukka.

Powered by Labrador CMS