nyhende

Inne i det raude feltet er området Fjord Motorpark ser for seg eit mogeleg anlegg.Illustrasjon: Google, grafikk: Thomas Vallestad Drageset
Inne i det raude feltet er området Fjord Motorpark ser for seg eit mogeleg anlegg.Illustrasjon: Google, grafikk: Thomas Vallestad Drageset

Motorpark: – Mange som har tenkt det burde ha vore i Sveio

Fjord Motorpark jobbar med å flytta det skrinlagde prosjektet frå Karmøy til Sveio. Det var på tide meiner styreleiar John Magne Langåker. — Eg har i mange år synest det burde ha vore flytta til Sveio.

Publisert Sist oppdatert

For tida er han på ferie, men han snakkar likevel meir enn gjerne om kva dei ynskjer å få til langs Paddevegen i Sveio.

– Me har funne eit område der me har god dialog med grunneigarar. To av dei er positive og vil selja, ein tredje har fått veldig kort tid til å tenka seg om, men verkar positiv, seier John Magne Langåker.

Gjev ros til kommunen

Styreleiar i Fjord Motorpark innrømmer at han var letta då dei gav opp prosjektet på Karmøy. Då var det endeleg slutt på trenering, og ei mogelegheit for framgang.

– Eg har berre vore med i eitt år, og har sjølv i mange år synest det burde ha vore flytta til Sveio. Det trur eg det er mange som tenkjer, og har gått lei motgang på Karmøy, seier Langåker.

Han beskriv responsen frå kommunen som prisverdig.

– Dei har vore framoverlent og løysingsorienterte. Det er ein kommune som jobbar på lag og ikkje i mot deg, seier Langåker.

Einingsleiar for samfunnsutvikling Bente Marie Johansen bekreftar at dei er i dialog.

– Me har snakka saman, då dei har kome med innspel til kommuneplanen. Me gjer ei konsekvensutgreiing av det i sommar. Og så kjem dei til formannskapet til hausten for å fortelja oss om planane deira, seier ho.

Fleire mogelegheiter

Alt i prosessen er framleis veldig tidleg, så nøyaktig kva som kjem og kor stort kan ikkje Fjord Motorpark vita ennå. Men, det dei ser på som konkrete mogelegheiter er følgjande:

* Bane for asfalt-racing
* Offroad-bane
* Trail
* Go-kart
* Motorcross

– Og her har me like mykje plass som prosjektet på Karmøy, med mogelegheit for meir utviding seinare, seier han.

Langåker er ikkje framand for Sveio og meiner plasseringa er god. Han har sjølv hytte her.

– Sveio ligg utruleg sentralt for dette. Det er mange som bur i ein halvtimes radius. Og folk er veldig reisevillige særleg for asfaltracing. Den nærmaste banen elles på Vestlandet er Sokndal, mellom Eigersund og Flekkefjord, seier han.

Fleire grunnar til å seie ja

På spørsmål om kvifor ein motorpark er noko ein burde ynskje velkomen i Sveio, har han fleire grunnar å kome med.

– For Sveio kommune trur eg det vil bety auka aktivitet. Det er veldig mange besøkande som vil kome til eit slikt anlegg, i form av ulike arrangement og treningar og liknande. Næringslivet vil merka det bra, seier Langåker før han skiftar over til dei ikkje-økonomiske grunnane.

– Og slik eg kjenner til så har til dømes ikkje Sveio eit tilbod til motorinteressert ungdom. Me håpar å få på plass ein «mekkeklubb» til ungdom med eit breitt tilbod, både for lokal og tilreisande ungdom, seier han.

Motorklubben har merka god respons i sosiale medium, noko han set pris på.

– Så vidt eg kan sjå er det utelukkande positivt. Det følast veldig godt, seier Langåker.

– Driv du med noko motorsport sjølv?

– Eg har nettopp byrja med asfalt-racing. Eg køyrde løp i Sokndal i helga. Det er jo den einaste banen i nærleiken, det er jo nesten på Sørlandet! seier han.

Powered by Labrador CMS