nyhende

Møter stadig delfinar i Ålfjorden

Heiner Güssefeld på Fjon møter stadig gulflankedelfinar under padleturane sine i Ålfjorden. Tysdag hadde han fem eksemplarar rundt kajakken sin. No kjem han med ei åtvaring til alle motorbåtførarar.

Publisert Sist oppdatert

– Eg ber alle båtførarar vera forsiktige og ikkje køyra med full fart. Det vil vera synd om nokon treff delfinane med propellen og skadar dei. Lat oss alle nyta dette spektakulære synet så lenge dei er her, skreiv Güssefeld på facebook-sida Ka skjer i Sveio tysdag.

Elskar sjøen

Güssefeld er fødd og oppvaksen i innlandet i Aust-Tyskland, men har vore fascinert av sjø og hav heilt sidan han opplevde det på nært hald for første gong i Kanada i 1993. I 2007 flytta han til Norge. Sidan 2013 har han budd på Fjon medan han har jobben sin på ein bilforretning i Haugesund.

– Eg har som mål å padla ti kilometer i kajakk kvar dag når veret tillet det. Helst tidleg om morgonen eller seint om kvelden, fortel Güssefeld til Vestavind.

Stor naturoppleving

Det var på ein av desse padleturane, i slutten av september, han møtte på gulflankedelfinane første gong. Det var ein flokk på seks-åtte dyr. Dei kom tett inntil kajakken og fylgde etter då han padla vidare.

– Du var ikkje redd for at dei skulle koma for nær og velta kajakken?

– Slett ikkje. Dettte var først og fremst ei fantastisk naturoppleving. Eg hadde vore meir skeptisk om det hadde vore spekkhoggarar, seier Güssefeld.

Sikker på arten

Først lurte han på om det var niser han såg, men oppdaga fort at desse hadde nebbforma snute. Dei var dessutan større enn niser, om lag to meter lange. På grunnlag av Güssefeld sine bilde og video har forskingssjef Martin Biuw ved Havforskningsinstituttet sltt fast kva art det er snakk om.

– Ja det er absolutt gulflankedelfin. Sjølv om den tidlegare har vore forholdsvis sjeldan i norske farvatn, er den blitt oftare registrert i seinare år. Det kan skuldast at fleire er ute med mobiltelefon og kan ta bilde, men det kan også ha samanheng med den gradvise oppvarminga av havområda utanfor kysten, sa Biuw til Haugesunds Avis som først omtalte Güssefeld sitt møte med delfinane.

Tiltrekt av lyset?

Det er særleg i Sundfør-armen av Ålfjorden delfinane. har vore å sjå dei siste dagane, fortel Güssefeld. Makrell er delikatesse for delfinar. Dei følgjer derfor etter makrellstimane. I Ålfjorden er det ein del snurparar som lyser etter makrell, og Güssefeld har ein tanke om at dette lyset ikkje berre trekkjer til seg fisk, men også delfinar.

Sjå video under. 

Powered by Labrador CMS