nyhende
Mormora i Sveio lærte ho rim og regler – no er dei blitt plate
Då Elin Furubotn tok med seg eit knippe urgamle barneregler og spelte dei på konsert, opplevde ho at dei gjekk rett inn i sjela på dei vaksne publikummarane.
Å høyre på plata er kjenningar som mellom anna «Ride ride ranke», Geitene mine», «Byssa byssa badnet», «Kråkå» og «Tippe tippe tua» å høyre, likevel i ei særeigen ny drakt – i spennet frå grytelokk, gryntande grisar og ei låvedør som knirkar, via hardingfele og trøorgel til persisk saz og santur.
Og – ikkje minst – opptak av Elin Furubotns eiga mormor som startar den eine låten, før barnebarnet overtek og melodien slår inn.
Song med
For det var mormor, som budde på Våga i Sveio om lærte vesle Elin mange av rima. Men dei hadde ofte same monotone melodien – så barnebarnet laga nye melodiar og arrangement til dei.
På spørsmål om publikum hugsa rima og reglene ho spelte på konserten, så lyder svaret.
– Eg merka meg at publikum var veldig med og var aktive tilhøyrarar, og vi fekk både klapping under konsertane – og trampeklapp etterpå. Nokre av reglene var det fleire som hugsa, sjølv om dei hadde ikkje sunge dei på lang tid, seier ho og trekkjer fram «Tippe tippe tua» som døme.
– Den kunne verke litt kjent for fleire – så dei song med!
Syng mindre
Fleire konsertar ventar på nyåret, på Hamar, Bjørkelangen, Stavanger og Haugesund i februar. Men først er det jul – og tid for julesongar. Det blir gjerne hevda at folk ikkje kan meir enn første juleverset, og det nikkar Elin Furubotn attkjennande til:
– Eg veit ikkje heilt, men eg synest å merke at dei unge kanskje ikkje kan songane så godt som før. Vi song jo mykje på skulen, barneskulen særleg, og det er trist at det blir sunge i mindre grad på skulane no, seier den premierte artisten, som synest det er så lite song og musikk i grunnskulen.
– All forsking viser jo at song er viktig, at hjernen blir stimulert, og at ein dermed også lærer betre andre fag.
Lærerike rim
Elin Furubotn minner om kor mykje det blir sunge i fleire andre kulturar, og kor stolte folk er av det.
– Song og musikk vekkjer kjensler, ein blir glad av det. Vi må ta tilbake songen og songtradisjonen. Det ligg mykje kraft i det! Dei gamle rima og reglene er ein kulturarv; ein kulturskatt eg synest vi bør ta vare på. Det var ein måte å formidle korleis dagleglivet var ein gong i tida, som tilfellet er med «Tippe tippe tua» og «Kråkå». Det er også mange viktige og fine metaforar i dei gamle reglene som vi kan bruke som vaksne, seier ho og trekkjer fram to døme:
– «Reven» handlar om å lære seg å setje grenser for andre, når det trengst – der lammet set grenser for reven slik at det ikkje blir lurt og ete opp! Songen «Ride Ride Ranke» handlar om ein som skal ri til kongsgarden for å fri, men prinsessa er ikkje heime. Eit heilt anna syn møter denne friaren. Sånn er det med livet òg. Vi kan ikkje ha kontroll på alt, uventa ting kan skje og vi blir minte om å ta livet som det kjem til oss.
Ta kulturarven vidare
Mormora fortalde Elin Furubotn korleis dei song kvar kveld – og at det var så gøy.
– Desse songkveldane mormor fortel om, sette spor i henne heile livet. Og ho vart 100 år!
Elin Furubotn lærte rim og regler av besteforeldra, som i sin tur hadde lært songane frå besteforeldra sine. Plateprosjektet er bidraget hennar til å ta vare på desse historiske «forteljingane» og gjere dei tilgjengelege ved å servere dei urgamle tekstane i meir moderne folketonar.
– På den måten håpar eg å vekkje interessa både for vaksne og barn for den flotte kulturarven vår. Mitt håp er at melodiane og musikken med utval av originale instrument vil trigge interessa for publikum, sa ho i forkant av turneen.
No som ho har late songane få møte publikummet sitt på scena, seier ho at publikum likte at det var norske tradisjonsinstrument som trøorgel og hardingfele saman med tradisjonsinstrument frå andre kulturar og land.
– Dessutan hadde eg teke opp griselydar – grynting! – ljå som slår gras og låvedør som knirkar, og inkorporert dette i nokre songar og brukt som trommeloops, og dette syntest publikum var morosamt. Sverre Indris Joner hadde laga eit heimesnikra trommesett med grytelokk og gamle kakeboksar og ei trillebår som han slo rytmen på.
Glad i geitene
Etter konserten sa folk til henne at dei også syntest det var ei rørande oppleving då stemma til mormora vart med på «Kråkå».
– Eg hadde fått kassettopptaket frå 1990 av tremenningen min Sigbjørn Apeland, der mormor song inn dei same gamle rima og reglene. Dette opptaket fekk publikum høyre.
– Til slutt: Kva er din eigen favoritt?
– Eg likar jo eigentleg alle, men «Geitene mine» har ein bestemd plass i hjartet mitt. Eg er veldig fornøgd med melodien eg har laga og arrangementa som Sverre Indris Joner har skrive. Eg likar også å «rappe» alle namna på geitene. Dei har rare namn – Kvita, Tauma, Tita, Danemarka, Hjelmeros, Kneggjela, Tofta og Erta – og det verkar som om kvar geit har sin personlegdom. Det vitnar om at det var stor omsorg for dyra.
(©NPK)