nyhende

Mørk historie på lyse sommardagar

Kvart år reiser tusenvis av nordmenn til konsentrasjonsleirar i Sentral-Europa for å lære om det grufulle som fann stad der under andre verdskrigen. Trass i at livet der var meir brutalt enn i leirane her nord, er det nok av eksempel på at forferdelege ting òg skjedde i vårt «eige nabolag».

Publisert Sist oppdatert

På det meste fanst det rundt 600 fangeleirar i Noreg under krigen og fleire av dei har i dag etablert museum eller besøkssenter i eller i nærleiken av dei gamle leirane.

– Besøk i konsentrasjonsleirane er sjølvsagt viktig, men det er absolutt mykje å lære av å besøkje fangeleirane her heime òg, seier Søren Aagaard Rasmussen ved Grinimuseet til Nynorsk pressekontor.

Grini og holocaust

Grini fangeleir i Akershus var den største fangeleiren i Noreg under krigen. Om lag 20.000 fangar frå heile landet og utlandet «sat på Grini» i krigsåra.

Hovudbygningen i leiren blei døypt om like etter krigen og husar framleis fangar – men i dag er namnet Ila fengsel og forvaringsanstalt. Vegg i vegg med fengselet ligg Grinimuseet der ein kan få kunnskap om korleis det var å sitje på Grini under krigen. Museet er innreidd i ei av dei gamle fangebrakkene, noko som gir eit ekstra historisk sus.

– Vi har arbeidd i mange år for å få opp talet på besøkande og for å få på plass fleire tilbod til alle som er interesserte i andre verdskrigen. Besøkstalet har òg sakte men sikkert gått opp, men vi ønskjer oss sjølvsagt fleire besøkande, seier Aagaard Rasmussen.

Søren Aagaard Rasmussen ved Grinimuseet er vand med at turistgrupper kjem på besøk, men han ønskjer òg at fleire privatpersonar kjem for å oppleve museet.

Frå 2. juli til 10. august held museet ope onsdag til søndag 11–16.

Viss du først er i Oslo-området kan det òg vere vel verdt å besøkje HL-senteret. Senteret held hus i Villa Grande på Bygdøy, som under krigen var bustaden til Vidkun Quisling. I kjellaren ligg bunker-anlegget til Quisling.

HL-senteret er eit forskings-, formidlings- og dokumentasjonssenter med søkelys på holocaust og andre folkemord, antisemittisme, rasisme, ekstremisme, konspirasjonsteoriar og vilkåra til minoritetar i moderne samfunn. Senteret har ope frå 10 til 18 kvar dag i heile sommar.

HL-senteret på Bygdøy i Oslo held hus i Villa Grande som var heimstaden til Vidkun Quisling under andre verdskrigen.

Fangar i Trøndelag

I Trøndelag ligg Falstadsenteret i Ekne utanfor Levanger. Der etablerte det tyske tryggingspolitiet SS-Strafgefangenenlager Falstad som leir for politiske fangar hausten 1941. Meir enn 4.200 personar sat i fangenskap der under andre verdskrigen.

I dag driv Stiftelsen Falstadsenteret museum i hovudbygningen frå SS-leiren og har òg drive eit omfattande arbeid med utvikling av det tidlegare leirområdet som minnelandskap.

I sommar kan du blant anna bli med på omvising kvar dag klokka 13.00, sjå fem ulike utstillingar og besøkje minnestaden Falstadskogen. Denne sommaren blir det for første gong tilbydd guida turar gjennom Falstadskogen der fleire fangar blei avretta i krigsåra.

Frå 22. juni til 17. august vil Falstadsenteret vere ope for publikum kvar dag frå 10 til 17.

I Falstadskogen ved Falstadsenteret er eit krigsminnesmerke. Her ser vi dronning Sonja leggje ned krans på minnesmerket under frigjeringsjubileet i 1995.

Mørk historie i Bergen

Også på Vestlandet er det denne sommaren moglegheiter for å oppleve krigshistorie. Berre 20 minutt med bil frå Bergen ligg nemleg Espeland fangeleir som per i dag er den einaste fullt bevarte fangeleiren frå krigsåra. Det store leiranlegget består av 14 bygg, piggtrådgjerde og vakttårn.

I leiren på Espeland sat det om lag 2.000 fangar frå januar 1943 til mai 1945. Fangane kom i all hovudsak frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Museet er ope på søndagar frå 12 til 15 og frå 10 til 17 måndag til fredag.

Flyfoto av Espeland fangeleir.

Stiftinga Lenken som har ansvaret for leiren driv òg eit anna aktuelt museum i området: Gestapohuset midt i Bergen by.

– Meir enn 3.000 fangar var innom Gestapohuset under krigen. Mange av dei blei utsette for ufatteleg tortur. Nokre tok livet av seg ved å kaste seg ut av vindauga, skriv senteret på nettsidene sine.

Gestapomuseet er i dag eit interaktivt formidlingssenter som tar deg med i den nazistiske ideologien sitt menneskesyn og brutalitet. Museet fortel om menneskeleg liding, men òg om håp og mot.

Museet held ope 10 til 17 frå måndag til fredag.

Frå utstillinga på Gestapomuseet.

Flest leirar i nord

Det var nord i landet ein fann fleirtalet av fangeleirane under krigen – mange av dei hadde i hovudsak sovjetiske fangar. Går turen nordover i år kan du til dømes besøkje restane av fangeleiren Dunderland i nærleiken av Mo i Rana.

Leiren på Dunderland hadde ved frigjeringa i 1945 477 «russefangar»: fangar frå Ukraina, Russland og andre delar av Sovjetunionen. Tomta der fangeleiren låg, blei i 2017 overdratt frå grunneigar Magnor Storvoll til Helgeland Museum. Bakgrunnen var dels å bevare leiren som eit regionalt kulturminne og dels å leggje leiren til rette for publikum.

Powered by Labrador CMS