Klokka 18:23 fredag fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom bil og moped ved avkøyrsla til Shell Haukås på E39.
Ein varebil hadde bremsa ned for å svinga av vegen. Mopedisten som kom bak klarte ikkje stansa og kjørte dermed inn i varebilen.
– Føraren av mopeden klaga over vondt i ein fot, men framstod elles som uskadd. Det oppstod ingen trafikale problem, opplyser vaktsjef Ellen Rinck ved Haugesund politikammer.