nyhende
Moglegheiter for den første tropenatta
Det er varmt i Sør-Noreg, og no skal det bli endå varmare. Dei neste dagane kan den første tropenatta i år komme i Sør-Noreg, ifølgje meteorologane.
— Mange vil nok merke at temperaturane ikkje går ned på kveldstid, slik ein ofte er vande til. Det vil bli varmt no framover. Og dei varme luftmassane forsvinn jo ikkje ut på havet om natta, så nattetemperaturane vil også auke dei neste dagane, seier vakthavande meteorolog Eirin Walstad Ristesund ved Meteorologisk institutt til NTB.
Ubehageleg høge nattetemperaturar
Allereie natt til tysdag kan det vere moglegheiter for den første tropenatta i år, som altså betyr at temperaturane ikkje går under 20 grader gjennom natta.
— Det vil bli det eg vil kalle ubehagelege høge nattetemperaturar, seier ho.
I store delar av Sør-Noreg vil temperaturane stige framover. Frå Arendal i sør til Vinstra i nord vil det vere moglegheiter for at gradestokken viser over 30 grader på dagtid, seier Ristesund.
Ikkje alle jublar
— Det vil halde seg høgt utover veka, særleg torsdag, og kanskje også inn mot helga, seier Ristesund.
Ho minner om at det slett ikkje er alle som jublar for dei høge temperaturane og viser mellom anna til den store skogbrannfaren som pregar Sør-Noreg for tida. Vegetasjon kan svært lett ta fyr, og veldig store område kan bli ramma, ifølgje farevarselet.