nyhende

ryvarden lysløype turløype
Eit turfølgje på veg til Ryvarden.

Mogleg lysløype langs turstien til Ryvarden engasjerer

Sveio kommune skal sjå på moglege løysingar for lyssetting langs grusvegen ut til Ryvarden. Det har skapt debatt på Facebook.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaket frå kommunestyremøtet 7. desember 2020

Folkehelse er eit stadig viktigare satsingsområde både for stat og kommune. Investeringa i lysløype knytt til golfparken har vist seg å vere vellukka og svært mykje brukt. For å styrke tilbodet ytterlegare og sørge for geografisk spreiing bør det også etablerast lysløype frå Mølstrevåg til Ryvarden. Det vert sett av 200.000 til forprosjekt kor ein særskilt ser på løysningar som varetar miljømessige utfordringar som t.d. lysforureining og identifiserer miljøvennlege løysingar for prosjekt i 2021.

Turvegen som startar i Mølstrevåg og fører ut til Ryvarden kulturfyr er mykje nytta heile året. Det finst ikkje lys langs vegen, no skal det undersøkast om ein kan gjera noko med det.

Saka har rot i investeringsbudsjettet for dette året, som Arbeidarpartiet, FrP og to uavhengige fekk fleirtal for i desember.

Sløsing av pengar?

Lysløype-temaet blei tatt opp i ei gruppe på Facebook for nokre dagar sidan, og kommentarane frå sveibuen er stort sett eintydige – ein bør ikkje bruka pengar på lys langs denne turvegen, mellom anna fordi det naturlege lyset frå det opne landskapet er ei oppleving i seg sjølv, og lyssetting vil forstyrra turar i mørkret. Treng ein lys for å sjå kor ein går, nyttar ein hovudlykt, meiner nokon.

Folkehelse i fokus

Grunnen til at det no er gjort eit vedtak på at ein skal på løysingar for denne turstien, har bakgrunn i folkehelseperspektivet.

– Lyssetting på golfbana har vore ein suksess. Spørsmålet me har stilt oss no, er om ein kan oppnå eit gode med omsyn til folkehelse dersom ein får betre høve til å nytta turstien til Ryvarden også når det er mørkt, forklarar Håkon Skimmeland i Sveio Ap.

Håkon Skimmeland frå Sveio Ap.

Han legg til at dei ønskjer å få dette undersøkt, og at ingenting er konkludert enda.

– Det er andre omsyn ein må sjå til. Økonomi er ein ting, og ikkje minst lysforureining er eit viktig tema. Her kan det vera tekniske løysingar som gjer at ein kan ivareta alle dei grunnleggjande interessene, seier Skimmeland, som har registrert debatten på Facebook.

Grunnlag for avgjerd

Han forsikrar om at prosessen som er starta, vil gi informasjon som skal sikra eit grundig og forsvarleg grunnlag for å ta avgjerd i saka, slik som saka i budsjettet også seier.

Fleire politikarar har følgt debatten, både frå posisjonen (politikarane som har valteknisk samarbeid og fleirtal i kommunestyret, som gjekk inn for prosjektet) og opposisjonen (dei hadde eige budsjettframlegg der lysløype-saka ikkje var med).

Ikkje store master

Ole Johan Sveen er ein av dei to uavhengige i kommunestyret. Han var med på å vedta at forprosjektet med lyssetting skal gå i gong.

– Eg er einig i mykje av kritikken, men har likevel tatt til orde for lys langs vegen, men ikkje tradisjonelle stolpar som lyser opp heile tida. Eg tenker éin meter høge stolpar med følarar, med lys som blir slått på når du nærmar deg ein stolpe, og kastar lys ned på vegen. Lyset blir sløkt etter eit minutt. Då vil lyset «følgja» deg, og når du er framme, er alle lysa sløkte, kommenterer Sveen.

Andre tiltak

På Facebook kjem det mange innspel til politikarane om kva dei heller kan bruka pengar på, om det først er noko «til overs», som til dømes utbetring av parkeringsplassen i Mølstrevåg og veglys andre stadar i kommunen. Men så enkelt er det ikkje.

– Ein kan ikkje blanda vedtekne trafikksikringstiltak med andre føremål, sjølv om det er snakk om gatelys. Eventuell lyssetting langs turstien til Ryvarden er eit folkehelsetiltak, påpeiker Skimmeland.

Det blei for øvrig også vedteke å setja av 5 millionar kroner til trafikksikringstiltak i perioden 2021-2024.

Powered by Labrador CMS