nyhende
Første skuledag i Valestrand:
Mjuk start for dei yngste
Flaget er heist – det ligg spenning i lufta. Så fell dei første regndropane, folk trekkjer inn mot murveggen og ser seg litt uroleg rundt. Men så blir alt gløymd, for nå ropar rektor og alle sine blikk blir retta mot han.
– Hallo alle saman, no byrjar skulen. Velkomen skal de vera, seier rektor Arve Myklebust. Han står vendt mot gruppa av forventingsfulle elevar og foreldre. Like etter ringjer skuleklokka høgt og klart, og dét spesielt for første og andre klasse, ifølgje rektor.
Torsdag var det fem spente førsteklassingar som møtte til sin første skuledag ved Valestrand oppvekstsenter. Før sommaren var dei alle på omvisning på skulen. Det som Daniel Hammer gler seg mest til er å ha sløyd.
– Det såg litt kult ut, for der hadde dei både økser og knivar, smiler 6-åringen.
Samantha Vigre Lien har også forventingar til skulestart, og har gledd seg. Men første skuledagen blei også fylt opp med andre tankar – oldemor på Nærbø er død, og familien skal reisa sørover i gravferda.
– Eg mister ein skuledag, men gler meg til å reisa til bestemor og morfar på Bryne, smiler Samantha.
For dei yngste byrja første skuledagen med mykje leik og moro ute på skuleplassen. Grunna smittevern er skuleplassen i Valestrand delt opp og markert med band, på den måten kan elevane variera aktivitetar og plassering etter behov.