nyhende
Mista lappen grunna fart
Utrykkingspolitiet heldt kontroll på måndag. Der vart fleire tekne.
– Dei var i 80-sona sør for krysset ved Haukås, seier vaktsjef Andre Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.
Måndag i 12-tida stod Utrykkingspolitiet og heldt politikontroll, kor dei måla mellom anna fart til passerande sjåførar.
– Det vart fem forenkla førelegg og ei melding. Den høgaste farten var 117 i 80-sona, seier Skram Hansen.
– Kva reaksjon får ein om ein køyrer i 117 i 80-sona?
Annonse
– Då mister ein førarkortet, for grensa går på 116 kilometer i timen. Hadde det vore 116 så hadde bota vore på 14.500 kroner, svarar vaktsjefen.