Mannen køyrde ein avregistrert bil. Og han køyrde fort. Politiet si fartsmåling viste 99 km/t i 80-sona. Den unge bilføraren hadde fleire prikkar frå før, og samtykka til at førarkortet blei beslaglagt. Mannen var derimot ikkje villig til å la seg avhøyra på staden, ifølge politiloggen.