nyhende
Mista førarkortet
Utrykkingspolitiet hadde ein kontroll måndag føremiddag, og fleire vart stoppa.
– Dei heldt på frå klokka 10.30 til om lag klokka 14.00, seier vaktsjef Andre Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.
Utrykkingspolitiet stod på plass i Førde i 60-sona, og i løpet av dei timane vart 11 køyretøy stansa.
– Dei gav ut 10 forenkla førelegg, og så vart ein sjåfør meldt grunna fart og fekk førarkortet teke i beslag. Farten var 86 kilometer i timen i ei 60-sone, seier Skram Hansen.