nyhende
Mista førarkortet etter påkøyrsel
Torsdag ettermiddag skjedde ei ulukke ved krysset til Krossleite. Ein bil med fire personar vart påkøyrd bakfrå. Alle involverte vart tekne til sjukehus for sjekk, men det er ikkje meldt at nokon vart skada.
– Klokka 16.00 ved Krossleite-krysset på Fylkesveg 47 hende ulukka, seier vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.
Det er ikkje ferdig etterforska, men politiet trur ulukka skjedde då den fremste bilen bremsa ned for å svinga inn til Krossleite. Bilen som kom bak fekk ikkje med seg dette og kolliderte med bilen føre.
– Den som køyrde på var åleine i bilen, og i den andre sat fire personar. Alle vart køyrt til sjukehus for å sjekkast grunna den høge energien i kollisjonen, men det er ingen mistanke om skade, seier Gaard.
Politiet har oppretta sak etter hendinga, og sjåføren som forårsaka ulukka fekk førarkortet teken i beslag.