nyhende

Misjonstur til Kenya – ei oppleving for livet

3. januar i år sette familien Strand seg på flyet frå Sola til Amsterdam, og vidare til Nairobi. For tre månader skulle me få oppleva Afrika. Me visste sikkert at dette vart svært annleis enn kvardagen vår med småbruket Lier, arbeidsplassar, skule og barnehage i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Adressa vår i Kenya var misjonsstasjonen til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i bydelen Karen i Nairobi. Opplegget som venta heiter TID familie. Sju norske familiar får komma til denne familiebibelskulen, og i TID ligg det at ein har god tid med Gud og med familien.

Etter ein lang flytur, lurte Bjørn på fire år på «om me var komt til det ekte Afrika no?». Og det var me. Aust i Afrika ligg Nairobi på 1800 m.o.h., og me vart innlosjerte i den nye heimen vår.

Karen Oline (10), Anne Sofie (9 ) og Ola (6) starta på den norske skulen som ligg på misjonsstasjonen. Bjørn (4) starta i den vesle barnehagen som vart leia av ein norsk voluntør. Hans Ole og Astrid Karin deltok på undervisninga for dei vaksne. Når ein deltek på TID familie er emna ein gjennomgår varierte. Omlag kvar veke kom forelesarar frå NLM i Noreg. Emna har vore ekteskap, kristen kvardagsetikk, Bibellære, formidling av tru i heimen og det å vera kristen i ei medietid.

Er dette det ekte Afrika, ville yngstemann veta då familien Strand landa i Nairobi. I Kenya har dei hatt god tid til både Gud, familie og mange fine opplevingar. Her er Astrid Karin og Hans Ole Strand med borna Karen Oline (10), Anne Sofie (9 ), Ola (6) og Bjørn (4)på ei nydeleg kvit sandstrand.

Skule, bibelgrupper og sosiale treff

Tida på Scripture Mission tomta var ei god tid, med skule for store og små, sosiale treff, volleyball og fotball, leik for ungane på kveldane, og ikkje minst den gode afrikanske varmen.

Både barn og vaksne fekk bli betre kjent i Bibelen på bibelgrupper, og på familiesamlingane på torsdag ettermiddag hadde me eit møte der heile familien fekk bli betre kjent med Jesus. På tomta fekk me delta på «Ta sjangsen» i bassenget, idrettsdag på skulen, kjøp av fotballdrakter, crossfit for heile familien, fredagsklubb for barna, Talentiaden og eit svært godt sosialt miljø.

«Ekte Afrika»

Me vart fort tekne med utanfor den store tomta, som forutan skule, misjonærbustader og gjestehus også har leikeplassar og badebasseng. Utanfor ventar ei travel, afrikansk gate der folk går langs vegane, nokre sel frukt, nokre sel brus, nokre sel chapati (afrikanske lomper) og nokre er på farten. Berre det å bevega seg i dette var ei stor oppleving.

Nairobi nasjonalpark ligg svært nær misjonsstasjonen me budde på, og det er fascinerande. Nairobi er ein by med omlag fem millionar innbyggjarar, og når du køyrer ut i nasjonalparken ser du giraffen med høgskraparar i bakgrunnen. Det ville dyrelivet ligg berre bak eit gjerde, og svært nær storbyen. Første søndagen gjekk turen hit, og på savanna traff me både giraff, løver, bøffel og antilopar. Då vart det iallefall bekrefta for Bjørn at me var i det «ekte Afrika» no.

Slumbesøk

Kvar onsdag var me vaksne i slummen, saman med frivillige frå Heart to heart hjelpeorganisasjon. Dette var sterke møter med ein ekstremt annleis kvardag enn den me har i Noreg. Gruppa vår var i Kiberaslummen, som er nest største slum i verda. Her bur det omlag ein million menneske. Å komme inn i ein heim laga av bølgeblekk og gamle tønner, sitje på ei seng og sjå kor liten plass og kor kummerleg store familiar bur, ja det merkar oss for livet. Mange damer er aleine med borna sine, og bur i små, leigde husvære som er omlag på størrelse med campingvogna vår. Og turutstyret me har her heime, er av langt betre standard enn kokereiskapa dei har til å lage mat til familien sin. Heimebesøk betydde å prata med mora i heimen, spørje spørsmål og bli litt kjende. Deretter delte me eit ord frå Bibelen og ba saman. Me kjøpte med mat til familien for tre hundre norske kroner, og dette held i eit par veker og vart motteke takknemleg. Ein familie fekk gjerne eit slik besøk i året, og dette var svært viktig for dei.

Håp og glede trass alt

Slumbesøka var også på skulane der, og det var ei stor oppleving å få undervisa i to afrikanske klassar. Fleire av elevane her var støtta av Heart to heart, og fekk tre måltid i løpet av skuledagen. Me hadde med oss ungane våre på ein av skulane ein lørdag, der dei samlar mange barn frå slummen som får delta på aktivitetar og får mat den dagen der. Sterke inntrykk for oss alle. Smila og latteren og entusiasmen til desse borna som har så lite, men likevel slikt håp og glede i livet, det gløymer eg aldri.

Safari

Me fekk sett mykje av det nydelege landet i løpet av opphaldet vårt. Camping i midten av januar var svært triveleg. Me reiste til Naivasha, ein stor innsjø nordvest frå Nairobi. På Crescent Island gjekk me ein safarirunde, og fekk oppleva dyrelivet tett på oss. Spesielt møtet med giraffane her var fantastisk. Desse dyra er etterkommarar etter dyra som vart brukte i «Mitt Afrika». Det er historien om Karen Blixen og livet hennar i Kenya. Bydelen vår er oppkalt etter henne, og farmen hennar var i dette området.

Misjonstur

Misjonstur gjekk til Pokot for fem av dei sju familiane. I midten av februar køyrde me 11 timar i buss, kryssa ekvator, og fekk oppleva eit heilt anna landskap i dette vakre landet. I dette området var det store flaumar før jul i fjor, noko me kunne sjå tydelege spor etter. Misjonsarbeidet i området har vore omfattande og har laga store, positive endringar i samfunnet.

Elefantar, palmesus og kvite strender

Ei veke etter vinterferien her heime, reiste TID familiane på vinterferie. Først var me ei helg i Voi. Dette er ei togreis frå Nairobi, og er ein del av landet som er i tilknytning til Tsavo nasjonalpark. Me var på safari morgon og kveld, og fekk gleda av å treffe elefantar, løver, hyene, perlehøns, ørn, hauk og sebra.

Toget tok oss vidare til Mombasa, og me hadde ei veke ved kysten, på Diani beach. Kvit sand, det indiske hav, kamelar på stranda, badebasseng og palmesus – dette var ei flott oppleving for oss alle. Varmt og fuktig, salt sjø og snorkling, dette var strålande på alle vis.

Korona framskunda heimreisa

Vel tilbake i Nairobi visste me at det var berre tre veker att av opphaldet. Me såg fram til vidare undervisning, fletting av rastafletter og litt handling før me skulle heimover. Returen vart framskynda når korona råka Noreg og resten av verda, så me kom til Stavanger 18. mars i staden for 30. mars. Me er svært takksame for at dette skjedde på slutten av opphaldet, og at me kom trygt heim til Noreg og karantene på småbruket vårt.

«– Me skal be for dåke»

Me tar med oss Kenya i våre tankar og bønner no i denne vanskelege tida. Det å vite om korleis så mange familiar bur i slummane, gir perspektiv. Der er det ikkje lett å overhalde karantene og beskytte seg mot smitte når ein lever frå hand til munn. Kenya, som har inntekter frå turisme, opplever ei vanskeleg tid no. Det var sterkt å møte kenyanarane når korona inntok landet deira. Tillita og trua på Gud er beundringsverdig og inspirerande.

– «Ikkje bekymra dåke for oss. Gud er med oss. Me skal be for dåke», var orda me fekk med oss frå kenyanarane heim til Noreg.

Det har vore svært godt å oppleve at eit land som fungerar så ulikt Noreg, likevel fungerar så godt. Humøret, innstillinga til livet med «Hakuna matata» (swahili, som betyr ingen bekymring), den avslappa roen og tida som kjem (og ikkje går) i Afrika – det gjer at heile familien Strand vart svært glade i Kenya og dette kontinentet. Asante! (swahili – takk).

Powered by Labrador CMS