nyhende

HanaleiteFørdeTrefellingVegarbeidE39
Det kjem sykkel og gangsti, men ikkje rett ved sidan av utbetra E39 (arkivbilete).

Misforståing om ny sykkel og gangsti

Statens Vegvesen stadfestar at det skal kome ein sykkel og gangsti mellom Rødspollen og Hanaleite, men seier den skal hovudsakleg skal gå langs den parallelle kommunal vegen, og ikkje E39.

Publisert Sist oppdatert

Knut-Stian Rimmereid er prosjektleiar hjå Statens Vegvesen og ansvarleg for arbeidet som skjer langs E39 i Hanaleite. I ein tidlegare artikkel i Vestavind stod det at det skal kome sykkel og gangsti langs heile dette strekket av E39, det avkreftar Rimmereid.

– Prosjektet vert bygd slik det er planlagd og det har ikkje vore noko endringar. Det kjem sykkel og gangsti frå Rødspollen og så bort til den kommunale vegen som går «bak» Førde og Hanaleite, seier han.

Noko sykkel og gangsti vil byggast ved sidan av E39 frå Drange og fram til den kommunale vegen som heiter Hanabrekko.

– Og der i frå vil det vera ein sykkel og gangsti til Førde, seier Rimmereid.

Han trur det er ei misforståing om kvar sykkel og gangstien skal vera, men stadfestar at den kjem og at det er sikkert. Det som ikkje er sikkert er kva underlag den får.

– Det er ein opsjon i kontrakten på å legga asfalt. Den vert bygga med grusdekke no, og så jobbar me med å få asfalt på den. Det har me trua på, avsluttar Rimmereid.

Powered by Labrador CMS