nyhende
Ministeren veit ikkje kor mykje straumrekninga di aukar viss sokkelen blir elektrifisert no
Energiministeren har ikkje rekna på kor mykje straumrekningane aukar ved ei elektrifisering av sokkelen med dagens prisnivå. Uansvarleg, seier Frp-politikar.
– Det er ikkje gjort liknande berekningar sidan NVE såg på dette i 2020. Det er vidare usikkert korleis nye berekningar med dei føresetnadene som blir lagde til grunn i spørsmålet, vil slå ut, skriv Aasland i svaret sitt.
Berekninga frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viste at straumrekningane til eit snitthushald i Sør-Noreg ville auke med mellom 106 og 224 kroner, medan det for Nord-Noreg kunne auke med mellom 575 og 1.197 kroner.
Nilsen har i spørsmålet sitt teke utgangspunkt i august-prisane i år i Sør-Noreg og eit forbruk på 20.000 kWt i året. Frp-politikaren fryktar at straumrekninga vil skyte i vêret viss elektrifiseringa av sokkelen blir gjennomført.
– Mangedobling
– Ministeren svarer at regjeringa ikkje har rekna på det, men like fullt planlegg regjeringa å elektrifisere så fort som råd, utan å utsetje noko, seier Nilsen til NTB.
– No vil det vere det mangedobbelte av berekninga frå 2020, seier han.
Aasland seier i svaret sitt at elektrifiseringa gir auka etterspurnad etter kraft og isolert sett kan føre til høgare prisar.
– Dagens prisbilete er svært variabelt med låge prisar i Midt- og Nord-Noreg og høge prisar i Sør-Noreg. Ei auka elektrifisering vil derfor kunne slå ut ulikt i ulike prisområde. Det vil også avhenge av kva føresetnader som blir lagde til grunn når det gjeld ny produksjonskapasitet og overføringskapasitet i dei ulike områda, seier han.
Åtvaring frå eks-sentralbanksjef
Elektrifisering av sokkelen er eit tiltak både denne og den førre regjeringa har rekna som eit viktig klimagrep og noko som skal gjennomførast. Det er likevel krefter i Senterpartiet som er imot.
Tidlegare sentralbanksjef Øystein Olsen sa i august til Stavanger Aftenblad at ei elektrifisering av sokkelen vil føre til press på straumprisane. Ein kan ikkje få både låg straumpris og elektrifisering samtidig, sa Olsen.
– Massiv elektrifisering bidreg til høgare prisar, slo han fast.
– Uansvarleg
Nilsen reagerer på at regjeringa ikkje har funne fram kalkulatoren på nytt no som straumprisane er heilt annleis enn dei var i 2020.
– Det er spesielt at regjeringa tek avgjerder som vil ramme hushalda svært hardt, utan eingong å rekne på kor hardt det vil ramme, seier Frp-aren.
– Det viser ei manglande alvorsforståing og ein politikk som ikkje tek omsyn til hushald og industri på land, seier han.
Nilsen kallar det uansvarleg av regjeringa å gjennomføre ei elektrifisering av sokkelen midt i ei priskrise som kan bli ei fullskala kraftkrise, utan å rekne på kostnadene.
— Viktig å elektrifisere
Energiminister Aasland seier til NTB at det er viktig at regjeringa er tydeleg på klimamåla som er sette, og at oljeindustrien skal kutte 50 prosent av utsleppa sine innan 2030.
– Hovudingrediensen for å klare det er å veksle inn fossil energibruk med fornybar energibruk. Løysingane vil innebere tilfelle der ein nyttar kraft frå land, men kvart prosjekt må vurderast for seg, seier Aasland.
– Vi skal sørgje for at det blir nok kraft også på land. Det eine skal ikkje fortrengje det andre. Vi ser også no at det blir jobba med fleire moglegheiter for å kutte utslepp, som mellom anna havvind, som vil skape meir fornybar energiproduksjon, seier han.
Aasland påpeikar at det skal vere nok fornybar kraft til både industri og hushald i heile Noreg. Han viser til satsinga på havvind, utbygging av vindkraft og utviding av vasskrafta.
– På kort sikt har vi teke grep for å sikre forsyningstryggleiken vår. Dersom vasstanden i magasina våre søkk ned mot eit kritisk lågt nivå, blir eksporten avgrensa, seier Aasland.
(©NPK)