nyhende
Ministeren kom til Sveio for å lære
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) besøkjer fleire kommunar på Vestlandet denne veka, og var tysdag på Sveio skule for å bli betre kjent med Loftet, eit lågterskeltilbod for ungdom.
— Det er eit lågterskeltilbod som er opent for alle ungdomskule-elevar, seier rektor Lene Lier.
Saman med ordførar Linn Therese Erve (Ap) tok ho i mot kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) tysdag.
Dei skulle vise ministeren Loftet, som held til på Vigdartun.
Statsråden var i god form, og brukte tida på å gjere seg kjent med dei tilsette og skrive seg inn i gjesteboka.
— Eg puttar eit hjarte her, sa Brenna og teikna ved sida av namnet sitt.
Zipline-kappløp
På veg til Vigdartun passerte dei ein zipline, og då statsråden såg den, gjekk ho strake vegen til den.
— Kan eg få prøva? spurde Brenna nokre elevar.
— Me kan gjere det saman, sa Erve.
Ein statsråd og ein ordførar klatra begge opp på leikeapparatet.
— Tel du? Spurde Brenna.
— Ein, to, tre! Ropte Erve.
Jubel kan høyrast over skuleplassen. Når dei har nådd enda på ziplinen byrja dei å gli bakover.
— Den stoppar fordi rompa byrjar å subbe, lo Brenna.
— Var det gøy?
— Det var veldig gøy, eg burde gjere det kvar dag, sa Brenna.
Pandemi-behov
Oppe på Loftet møtete dei miljøterapeut Hilde Urnes som viste dei rundt.
Det er høgt under taket i dei to nokså store romma, og statsråden nemnde biletet av ein hund som heng på døra.
— Kvar fredag har me den, fortalde Urnes
— Nei, så utruleg hyggeleg. Det er det mest avvæpnande i verda, sa Brenna
— Den er utdanna terapihund, skaut rektor Lier inn.
Mogelegheita for aktivitetar på Loftet er fleire, alt i frå tv og Lego til brettspel og bokse-sekk. Hensikta er at det skal vere ei trygg hamn for elevar som treng det, og på sikt hjelpe dei tilbake.
— Målet er at dei som er her skal kome tilbake til klasserommet etter kvart, sa Lier.
Rektoren fortalde at Loftet vart starta i etterkant av pandemien, då dei merka behovet.
— Noen av elevane som hadde hatt litt utfordringar før nedstenginga, klarte ikkje å kome tilbake til klasserommet. Det var slik dette starta, at me fekk dei tilbake på skulen men då på eit grupperom med ein vaksen som kunne hjelpe dei med læringa, forklarte Lier.
Loftet er delvis finansiert av tilskotsmidlar frå Staten.
Ordførar Linn Therese Erve understreka viktigheita av at det finnast ordningar skuler kan søkje på, for midlar til slike tilbod.
— Det har veldig stor betydning for oss i kommunen, for me ser kor mykje det gir i skule-kvardagen, sa Erve.