nyhende
Minimalt med framandstoff i kjøt
Mattilsynet si overvaking av framandstoff i landdyr 2019, viser ingen alvorlege funn i kjøt og andre animalske produkt.
Det blei i fjor teke i alt 4.205 prøvar av norske landdyr og animalske produkt. I ca. 3,6 prosent av prøvane blei det funne restar av veksthormon og forhøya nivå av forureina stoff.
– Resultata skil seg lite frå tidlegare år. Det er ikkje avdekka funn som gir mistanke om ulovleg bruk av legemidlar. Enkeltfunna er følgd opp av Mattilsynet, opplyser seniorrådgjevar Waleed Alqaisy i Mattilsynet.
Det blei påvist steroida (veksthormon) i åtte storfeprøvar, ti saueprøvar, og ein hesteprøve. Produksjonsdyr skil ut desse stoffa naturleg, avhengig av kjønn og drektigheitsstatus, og funna var innanfor det som blir rekna som naturleg.
Det blei vidare funne kadmium over grenseverdien i éin leverprøve frå sau. I éin honningprøve blei det funne bly over grenseverdien.
Kopar i leverprøvar
I prøvematerialet ble det også funne kopar i leverprøvar frå nesten alle undersøkte dyreartar. I følgje Mattilsynet blei det funne kopar over grenseverdien i leverprøvar frå 29 storfe, 21 sau, 1 gris, 15 viltlevande rådyr, og 2 viltlevande reinsdyr, 9 oppdrettsreinsdyr, og 32 leverprøvar frå elg.
Det blei også påvist koparinnhald over grenseverdi i 13 honningprøvar. Koparpreparat er godkjent til bruk i Europa som plantevernmiddel og fôrtilsetjingsstoff, og blir også brukt innan økologisk produksjon. I tillegg finn ein naturleg kopar i jord. Det europeiske mattryggheitsorganet, EFSA, har vurdert at det ikkje er helserisiko med koparmengdene som er påvist.
I følgje Mattilsynet er det ikkje overraskande å finna forhøya verdiar av tungmetall i innmat frå vilt sidan dei både lever lengre og beiter meir i utmark enn produksjonsdyr. Tungmetall finst i naturen, blir opphopa i næringskjeda og blir lagra i blant anna lever og nyrer hos dyr.
Mattilsynet anbefaler ikkje barn under 10 år å eta lever som middagsmat på grunn av høgt innhald av kadmium, mens ungdom og vaksne bør berre i mindre grad eta lever frå vilt og sau.
Årlege prøvar sidan 1985
Framandstoffprogrammet er eit overvakings- og kartleggingsprogram som har pågått sidan 1985. Kvart år blir det innhenta prøvar frå norske landdyr, mjølk, egg og honning.
Landdyra som er omfatta av programmet er storfe, gris, småfe, fjørfe, hest, oppdrettsvilt, og vilt. Prøvar av viltlevande dyr (elg, hjort og rådyr) blir teke for å undersøke tungmetallnivå i desse artane.