nyhende

Onsdag kveld vart det jobba med restverdi-sikring etter hærverket på Sveio senter.FOTO: TIPSAR
Onsdag kveld vart det jobba med restverdi-sikring etter hærverket på Sveio senter.

Mindreårige tatt for hærverk i Sveio

Både Sveio senter og sambrukshuset til Sveio IL fekk besøk av ungdom som gjorde hærverk onsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 18.46 onsdag fekk politiet melding om at nokon hadde tømt eit pulverapparat inne på Sveio senter.

— Politiet har vore på staden og i kontakt med to mistenkte mindreårige ungdommar. Desse har truleg også vore i eit sambrukshus og øydelagt inventar, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Sjekkar teknisk utstyr

Sentereigar Per Bjørn Habbestad fortel til Vestavind onsdag kveld at ungdommane har tømt eit pulverapparat som var plassert ved eit publikumstoalett i senteret.

Onsdag kveld vart det jobba med å gjere reint i lokalet.

— Me vil etter kvart også undersøke om pulveret kan ha trengt inn i ventilasjonsanlegg og andre tekniske innretningar, fortel han.

Noko av det som skal undersøkast nærare for eventuell skade er ein panteautomat.

Senteret hadde opent som normalt etter hendinga.

Øydelagt kontorpult

Det er i tillegg Sveio idrettslag sitt sambrukshus, like nord for Sveio sentrum, som også har hatt besøk av det som ifølgje politiet skal vere dei same ungdomane som sto bak hærverket på kjøpesenteret.

— Dei har rota fælt, seier ein skuffa leiar for husstyret, Torleif Bjelland til Vestavind.

Blant anna er ein kontorpult på eit nyleg renovert kontor øydelagt. Teknisk utstyr skal ha fått vere i fred.

— Etter det eg forstår var dei oppdaga då dei var i sambrukshuset, så det kan jo kanskje ha bidrege til at ikkje meir vart øydelagd, seier han.

Det er uklart korleis ungdomane har kome seg inn i bygninga.

Politiet kontaktar føresette

Det skal vere snakk om mindreårige tenåringar som står bak hærverket.

Politiet opplyser at dei vil ta kontakt med føresette, og det blir oppretta sak etter hendingane.

Powered by Labrador CMS