nyhende

Færre nordmenn enn før oppgir at dei får svindelsamtalar og falske sms-ar frå norske telefonnummer, viser ny undersøking. Det kan tyde på at eit samarbeid mellom styresmaktene og mobilselskapa verkar. Foto: Nkom
Færre nordmenn enn før oppgir at dei får svindelsamtalar og falske sms-ar frå norske telefonnummer, viser ny undersøking. Det kan tyde på at eit samarbeid mellom styresmaktene og mobilselskapa verkar.

Mindre tradisjonell telefonsvindel

Færre nordmenn enn før oppgir at dei får svindelsamtalar og falske sms-ar frå norske telefonnummer, viser ny undersøking. Det kan tyde på at eit samarbeid mellom styresmaktene og mobilselskapa verkar.

Publisert Sist oppdatert

– Over 76 millionar svindelforsøk med norske nummer har vorte blokkerte dei siste ni månadene. Det er positivt at vi ser teikn til endring, og at samarbeidet mellom styresmakter og mobilselskap kan bidra til å gjere det vanskelegare for kriminelle aktørar, seier anti-svindelekspert i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Johannes Vallesverd, i ei pressemelding.

Han leier også den nasjonale ekspertgruppa mot digital svindel.

I ei ny undersøking frå Respons Analyse, utført på oppdrag frå Nkom, oppgir langt færre nordmenn at dei har vorte freista svindla over telefon eller sms samanlikna med i fjor.

Medan seks av ti sa dei hadde vorte freista svindla over telefon i 2024, svarer no fire av ti det same. Svindelforsøk via sms har gått ned, frå sju av ti i 2024 til fem av ti i år.

Bakgrunnen kan vere tiltaka som vart sett i gang i fjor, då Nkom bad norske mobilselskap om å samarbeide tettare for å få bukt med svindel. Resultatet vart eit digitalt skjold som kom på plass i november 2024, og gjer det vanskelegare for kriminelle å «spoofe», eller tjuvlåne, norske nummer.

Powered by Labrador CMS