nyhende

Bruken av salt på riksvegane i fjor vinter var 14 prosent lågare enn året før. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Bruken av salt på riksvegane i fjor vinter var 14 prosent lågare enn året før.

Mindre salt på riksvegane

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det vart strødd 82.000 tonn salt på riksvegane i vintersesongen 2020/2021. Det er ein nedgang på 14 prosent frå året før.

Vinteren 2019/2020 vart det brukt 95 000 tonn salt på riksvegane i Noreg, skriv Statens vegvesen.

Lokale vêrforhold har mykje å seie for kor mykje salt som blir brukt frå sesong til sesong i ulike område, og bruken av salt varierer i dei geografiske områda i Noreg.

Nokre område hadde auke i saltbruken førre vintersesong, som aust og sør, medan andre område hadde nedgang, som vest, midt og nord. På landsbasis gjekk saltbruken ned.

– Rett saltbruk er viktig for framkomstforholda og trafikktryggleiken for alle som ferdast langs riksvegane, skriv Vegvesenet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS