nyhende
Millionutbytte til kundane i Sveio
For 14. år på rad deler Gjensidige ut aksjeutbyttetil eigarane. Mesteparten av dette går tilGjensidigestiftelsen, som sender utbyttet vidare tilkundane.
Takk vera ein to hundre år gammel idé, får Gjensidige-kundar i Sveio 2,5 millionar kroner i kundeutbytte. I gjennomsnitt får 1.100 kundar nærare 2.300kroner kvar.
Den spesielle ordninga gjer at Gjensidigestiftelsen i år betalar 2,4 milliardar kroner til 860.000 kundar over heile landet. Til studentar, småbarnsfamiliar, pensjonistar og bedrifter.
27 miliardar sidan 2010
Sidan 2010 har Gjensidige betalt meir enn 27 milliarder kroner til Gjensidige-kundane, skriv selskapet i ei pressemelding.
— Det å dela ut kundeutbytte er eit av stiftinga sine formål. Me håper mange av kundane set pris på dette bidraget i ei tid der høg prisvekst og renteauke kan skapa økonomiske utfordringar, seier Ingrid Lorange, administrerande direktør i Gjensidigestiftelsen.
Kvifor kundeutbytte?
På 1800-tallet blei det danna mange små, lokale forsikringsselskap rundt omkring i Noreg, som blei eigd av kundane. I nyare tid har nesten alle gått samman i Gjensidige.
I 2010 blei Gjensidige notert på Oslo Børs, men det gjensidige forholdet mellom kundar, lokalsamfunn og forsikringsselskap blei vidareført av den største eigaren, som er den kundestyrte Gjensidigestiftelsen.
I tillegg til å dela det ordinære aksjeutbytte frå Gjensidige med selskapet sine skadeforsikringskundar, deler Gjensidigestiftelsen ut betydelege midlar til samfunnsnyttige formål.
Frivillige lag og organisasjoner kan søka om midlar, og alle skadeforsikringskundar i Gjensidige kan engasjera seg i stiftinga.