nyhende
Mikrobølgje i Distrikts-Noreg
Eit klyngetun med bitte små hus er i ferd med å vekse fram lengst inne i ein fjordarm. Dette kan vere starten på den store mikrobølgja i Distrikts-Noreg.
Mikrohustunet inst i Sognefjorden som snart tel 11 små hus, er førebels eit pionerprosjekt. Men leiar for Distriktssenteret trur dette vil bli eit vanleg syn i distrikta.
– Mikrohus er er som eit kinderegg for bygda. Dei kan trekkje til seg verdifull arbeidskraft, vere ei god investering og ikkje minst kan dei bli eldrebustader i framtida, seier Marit Mellingen til Nynorsk pressekontor.
Den nye rektorbustaden
Midt på det som for tida liknar ein byggjeplass finn vi det nye huset til den nytilsette rektoren i kommunen. Blant pappøskjer, grøne planter og elles det som følgjer med på eit flyttelass, skal rektor Lone Amundsen skape seg ein heim for seg og tenåringssonen, som skal vere der i helgar og feriar. På 30 kvadratmeter er det funne plass til gang, bad, stove, kjøken og to soverom. Rektoren på Skjolden oppvekstsenter kunne ikkje ha vore meir nøgd med det nye husværet.
– Eg har gått frå hus og garasje på til saman 500 kvadratmeter til eit lite krypinn på 30. Det tidlegare badet mitt var nesten på storleik med heile mitt noverande hus. Likevel føler eg at eg har det eg treng her, og eg er trygg på at eg har gjort ei god investering, seier Amundsen.
For Amundsen var ikkje klar for noko stort byggjeprosjekt, eller kjøp av eit oppussingsobjekt då ho skulle byrje i ny jobb som rektor. Med det flunkande nye huset sitt føler ho at ho har gjort ei god investering samtidig med at ho ikkje treng å bruke fritida si på oppussing og krevjande vedlikehald. På denne måten får ho tid til å drive med dans, vere kreativ og ikkje minst vere masse ute i naturen som ligg der og ventar rett utanfor.
– Mest vellukka nokosinne
– Eg var heldig som kom tidleg inn i prosjektet og lurer på om eg kanskje har sikra meg den beste plasseringa. Det er i alle fall det eg tenker når eg uansett kva for vindauge eg ser ut av, blir møtt av storslått vestlandsnatur med fjord og fjell, seier ho.
Ein av dei som gler seg over den nye mikrotrenden er kommunalsjef for oppvekst i Luster kommune Knut Åge Teigen.
– Vi har mange tiltak vi kan bruke for å tiltrekkje oss nødvendig arbeidskraft, men dette har så langt vore det mest vellukka nokosinne. Alt no har vi sikra oss tre nye medarbeidarar som har kjøpt seg hus, men ein fjerde er i ferd med å teikne kontrakt. Denne buforma er tydelegvis noko som appellere til potensielle innflyttarar, seier Teigen.
Stor interesse
Det har ikkje mangla på interesse for mikrohusa i Skjolden. Ni av elleve hus er alt selde og fleire interessentar står på liste for å kjøpe.
– Det har vore ein enorm pågang for å få vite meir om desse husa, seier prosjektutviklar i Norske Mikrohus, Torill Bye Wilhelmsen.
No ringjer dei frå heile landet men spesielt på Vestlandet er det mange kommunar og utbyggjarar som vil vite meir om prosjektet.
– Eg får daglege telefonar og mange vil vite meir om korleis vi har lukkast og kva som skal til for å få til noko liknande i sin kommune, Den typiske kjøparen er åleinebuande kvinner med høg utdanning, men også for men kan det freiste å bu på 30 kvadratmeter. Prisen på 2,2 millionar for eit nøkkelferdig hus verkar heller ikkje å skremme nokon.
Når Wilhelmsen viser fram eit av husa som kommunen har kjøpt, ser det framleis ut som ein byggjeplass i det som har fått namnet «Eplehagen». Hos bonden over vegen er det flust med epletre, men det vil ta endå nokre år før det kan haustast rundt husa i klyngetunet.
Viktig for distrikta
Direktør i Distriktssenteret, Marit Lofnes Mellingen er ikkje overraska over den overveldande interessa for småhusa.
– Det mange ikkje er klar over er at det fleire stader i distrikta er mangel på eigna bustader for tilflyttarar. Stadig fleire bur åleine og er ikkje interesserte i å kjøpe seg store hus med mykje vedlikehald. I tillegg er denne sosiale og berekraftige måten å bu på, blir stadig meir etterspurt, seier Mellingen.
Distriktsdirektøren fortel om mange utbyggjarar som ikkje torer å investere i bustader på bygda og at mikrohus for mange no verkar å vere trygge prosjekt å putte pengane i.
– Det er heller ikkje slik at alle på bygda spør etter store hus. Mange er nok ute etter lettstelte og mindre bustader og vil heller bruke tida si på andre ting enn vasking og oppussing, seier ho.
For den nyinnflytta rektoren har også draumen om meir fritid vore eit viktig argument for å kutte ned buarealet frå 500 til 30 kvadratmeter.
– Men har det ikkje vore vanskeleg å kvitte seg med alle tinga dine med ei så dramatisk nedskalering?
– Det har gått overraskande lett. Trikset er å ikkje fokusere på det du må kvitte deg med, men heller konsentrere seg om dei få tinga du verkeleg vil behalde, seier Lone Amundsen.