nyhende
– Mest vant med saltvatn
Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.
Sumaren har komen og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?
Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:
Arild Wiersen (69), Sveio
– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– Saltvatn. Fordi det er det eg er mest vant med.
– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– Holsvika er ein fin badeplass, og Grunnavåg (Kvitaneset) i Buavåg.
– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Eg vil ikkje bada i sjø/vatn kvar dag! For kaldt for meg!