nyhende
Mest redd for å mista fuglekvitter
Over 16.000 personar stemde då natur- og friluftslivsorganisasjonar spurde kva opplevingar folk fryktar å miste.
WWF Verdsnaturfondet, Den Norske Turistforening (DNT) og Norsk Friluftsliv har spurt kva oppleving nordmenn er aller mest redd for at skal gå tapt når naturen og klimaet endrar seg.
Til saman var det heile 16.321 personar som stemde, og stemmefordelinga har vore veldig jamn.
10 på topp
Her er den rangerte lista som folk stemde fram:
- Fugleliv og naturlydar
- Frodig flora og yrande dyreliv
- Urørt natur
- Levande hav og fjord
- Nærnatur
- Gammalskog
- Kyst og strandsone
- Hausting på premissane til naturen
- Stille og mørke
- Skigåing, årstider og snørike vintrar
– Kva lyder vel meir skremmande enn ein taus vår utan fuglekvitter eller insektssumming? Dessverre er det alvorlege bakteppet her er at heile 2.752 artar av dyr, plantar og insekt i Noreg i dag har status som trua, seier KarolineAndaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet.
Overveldande respons
Av desse artane er heile 9 av 10 påverka av at vi menneske byggjer ned og øydelegg leveområda deira.
– Responsen har vore overveldande, og det er tydeleg at dette har treft ein nerve i folk. Natur og friluftsliv står utruleg sterkt her i Noreg, og dei fleste vil nok kunne finne fleire opplevingar på denne lista som ligg nært deira hjarte, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.